Tre dårlege år for oppdrettsnæringa har ført til at det ikkje har vore pengar til viktige oppgraderingar av nøter og utstyr. Det seier dagleg leiar Odd Johannesen i Havdyrkerne.
Tener pengar igjen
Etter fleire magre år, var 2004 året då den negative trenden i oppdrettsnæringa skulle snu. I staden vart det nye harde tider med svært låge prisar. Men no tenar oppdrettarane pengar igjen, etter fleire veker med vekst.
Naudsynte investeringar
Dermed kan dei igjen gjere naudsynte investeringar, mellom anna for å halde faren for rømming nede. Men å skifte ut nøter og merder kostar fleire hundre tusen kroner for kvart anlegg. I tillegg kjem kostnadane med nye reglar for sertifisering av oppdrettsanlegga.
Men fordi oppdrettarane har kutta alle kostnadane dei kan kutte, får dei verkeleg igjen når lakseprisane no ligg på om lag 23 kroner kiloen. Og no trur Odd Johannesen på varige gode prisar.