Hopp til innhold

Oppdrettarane fortvilar over villaksdøden

Lakseoppdrettar seier dei kjempar mot lakselusa, men likevel døyr villakssmolt. No kan dei måtte kutte i produksjonen og tape store summar.

Geir Helge Østerbø

OPPGITT: Geir Helge Østerbø i Osland havbruk.

Foto: Privat

– Uansett kva vi gjer så blir det oppfatta som at vi ikkje gjer jobben vår. Dei fleste oppdrettarane står på dag og natt for å overvinne luseproblemet, seier samfunnskontakt i Osland Havbruk, Geir Helge Østerbø.

Selskapet driv oppdrett langs Sognefjorden. I denne fjorden og i Hardangerfjorden meiner Havforskingsinstituttet at nær 80 prosent av villakssmolten frå fleire av dei viktigaste elvane kreperte som følgje av lakselus.

No risikerer oppdrettarane i Hordaland og Sogn og Fjordane å bli tvinga til kutt i produksjonen med seks prosent, om ikkje laksedøden kjem under tretti prosent.

Geir Helge Østerbø ser mørkt på å redusere:

– Det er tragisk om det blir utfallet. Fleire i næringa er skeptiske til metodane som blir brukte til å måle lusesituasjonen. Ein nedgang på seks prosent høyrest kanskje ikkje mykje ut, men det blir mindre arbeid, mindre å gjere, det kan føre til permitteringar, og det er eit dårleg signal frå regjeringa.

Dødelegheit for laksesmolt på grunn av lakselus i 2017 i prosent. Kjelde: Havforskingsinstituttet

Opo

83

Eio

82

Sogndal

82

Flåm

81

Kinso

80

Vikja

80

Nærøydal

80

Lærdal

80

Aurland

79

Mørkridselvi

76

Årøy

76

Granvin

70

Daleelva

69

Steinsdal

63

Austefjordelva

55

Stigedalselva

54

Ytredalselva

52

Jondalselvi

50

Hovlandsdal

50

Ekspander/minimer faktaboks

– Lite vi kan gjere med lusa på villfisken

Lakselusa kostar oppdrettsnæringa milliardar kvart einaste år. Dyr behandling og laks som ikkje overlever den krevjande avlusinga er blant årsakene.

Østerbø meiner oppdrettarane har avgrensa påverknad på kor mykje lus som blir talt på villfisken.

– Vi kan berre ha kontroll med situasjonen i merdane. Vi kan ikkje gjere noko med lusa på villaksen.

Får to år på seg

Regjeringa har i vinter gjort det klart at oppdrettarane i dei to vestlandsfylka vil måtte kutte seks prosent i produksjonen om dei ikkje kjem seg ut av såkalla raud sone.

Oppdrettskart

SONER: Dette kartet syner kor oppdrettarane kan auke, og kven som risikerer kutt.

Foto: skjermdump

Regjeringa har innført eit trafikklyssystem der dei som har under 10 prosent villaksdød kjem i grøn sone og kan auke produksjonen, medan dei som har over 30 prosent dødelegheit må kutte.

Likevel får dei nesten to år til på seg til å klare kravet, seier statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet, Roy Angelvik frå Frp.

– Vi ynskjer å gje næringa ro til å tilpasse seg, seier Angelvik.

Natur og Ungdom meiner kutta i produksjonen må kome alt no, seier sentralstyremedlem Thor Due.

– Det er nesten feigt av regjeringa. Det vil ta altfor lang tid å få eit berekraftig nivå.

Kan ikkje love at alt ordnar seg

Frå anlegga i Høyanger satsar Osland havbruk mellom anna på meir landbasert produksjon.

Men samstundes meiner Geir Helge Østerbø at det er uråd for oppdrettarane åleine å love at villaksdøden i Sognefjorden vil bli mindre innan to år.

– Det er heilt umogleg å seie om det vil skje. Det er straumtilhøve, kor tid smolten vandrar ut, temperaturar i sjøen. Her er ein masse faktorar som ikkje oppdrettsnæringa rår over i det heile teke.