Hopp til innhold

Oppbevarte 2,5 kilo hasj i heimen – fekk samfunnsstraff

Kvinna la alle korta på bordet etter pågripinga i november 2012. Først to år etter fekk ho straffa for å ha medverka til grov narkotikakriminalitet.

Sogn tingrett

ILLUSTRASJON: For tredje gong måtte kvinna i 30-åra møte i Sogn tingrett, tiltalt for grov narkotikakriminalitet.

Foto: Arve Uglum / NRK

Sogn tingrett var ikkje imponert over sakshandsamingstida då straffesaka mot sognekvinna vart behandla nyleg. Nesten på dagen to år etter at ho tilstod lovbrota.

Erkjende alt

Det var i november 2012 at kvinna, sambuaren og ein kamerat vart teken inn til avhøyr etter funn av 2,5 kilo hasj i bustaden dei delte. Kvinna la alle korta på bordet allereie i første politiavhøyr, og erkjende at ho visste om og aksepterte at hasjen vart kjøpt og oppbevart i huset.

I tillegg hadde kvinna vidareselt minst 200 gram hasj, kjøpt 40 blå valiumstablettar og røykt kring fem gram hasj i veka i kring eitt år.

Tidlegare domfelt

Forklaringa til kvinna vart viktig for politiet, då den medverka til å oppklare saka utover dei beslag som politiet gjorde i saka.

Kvinna er tidlegare domfelt to gonger, og bøtelagd like mange gonger, for omgang med narkotika.

Den lange sakshandsamingstida var også noko påtalemakta la vekt på i sin påstand.

– Kritikkverdig

Aktor bad om fengsel i sju månadar, noko som gir ein strafferabatt på 50 prosent både for tilståinga og den lange sakshandsamingstida.

Retten meinte sakshandsaminga var kritikkverdig lang.

– Ei så lang sakshandsamingstid i ei oversiktleg sak med tilståing, må gje merkbar utslag i straffa, skriv dommarfullmektig Kristine Celius og viser til at det er ei stor belastning å vente på ein straffedom.

Positiv utvikling

Forsvarar bad om samfunnsstraff, medan påtalemakta meinte saka var for alvorleg til dette. Kvinna har sidan pågripinga kutta kraftig ned på bruken av rusmiddel, og er motivert for å slutte med dette for å få orden på livet att.

Retten meinte soning av ei fengselsstraff vil kunne vere øydeleggande for den gode prosessen og positive utviklinga ho er komen inn i.

Retten landa difor på 210 timar samfunnsstraff, med eitt års gjennomføringstid. Alternativt må ho sju månader i fengsel. 5.300 kroner som politiet fann i bustaden vart beslaglagt til fordel for staten.