Hopp til innhold

Opp mot 800 husstandar er utan straum

På grunn av den kraftige vinden er det mange som må finne seg i å vere straumlause på årets nest siste dag.

Velta tre tok straumen

VELTA TRE TOK STRAUMEN: Fleire tre som velta på Ålfotfjellet tok straumen til innbyggjarane i Myklebustdalen.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Sogn og Fjordane Energi har folk ute på arbeid, men sterk vind og vanskelege arbeidsforhold gjer at det fleire plassar kan ta lang tid å få problema fiksa.

– I Vågsøy er områda Falkevik, Eldevik og Allmenning utan straum. Der er det ikkje forhold til å arbeide i, så dei vert utan straum til i morgon, seier driftsingeniør Vidar Solvang i SFE.

I tillegg er straumen vekke frå Vågsvåg og utover mot Oppedal. Mannskap held på med feilsøking opplyser SFE.

Vanskelege arbeidsforhold

I Bremanger har Ålfoten fått att straumen, men framleis er innbyggjarane i Davik og Isane ut mot Rugsund utan straum.

– Det er vanskeleg å gjere noko med feilen før vinden løyer, tidlegast ut på natta, opplyser Solvang.

Vidare er øya Askgrova i Flora kommune utan straum. Like før klokka 18 var mannskap på veg ut til øya.

– På grunn av vinden er det likevel vanskeleg å vite om dei klarar å rette feilen i kveld, seier Solvang.

Betring i Hyllestad

Sunnfjord Energi opplyser på sine nettsider at det er straumlaust mellom Myklebust og Risnes. Det føregår feilretting på linja. Straumen var tidlegare vekke i frå Hyllestad sentrum og Atterås- og Sognesområdet, men den feilen er retta.

NRK har vore i kontakt med både Sognekraft, Tussa Kraft, Luster Energi og Stryn Energi. Vakthavande der melder om nokre feil tidlegare i ettermiddag, men at alle husstandar skal ha straum tidleg onsdag kveld.