Hopp til innhold

Opninga av rusposten kan bli utsett

Opninga av rusposten på Nordfjordeid kan endå ein gong bli utsett.

Ny ruspost står ubrukt

STÅR TOM: Opninga av rusposten kan bli utsett fordi det manglar fagfolk.

Foto: Nyhetsspiller

Posten som har stått ubrukt i to og eit halvt år, skal etter planen opnast i september. Men mangel på fagfolk kan føre til utsetjingar. Det seier Ole Christian Reusch som er direktør ved psykiatrisk klinikk i Helse Førde.

– Årsaka er vi har lita bemanning, fordi vi ikkje kan lyse ut stillingar eksternt. Det kjem ein ny omstillingsprosess til hausten og vi må ta omsyn til eigne tilsette, seier han.

Kan bli redusert drift

Den topp moderne rusposten på Nordfjordeid til 22 millionar kroner stod klar til bruk i oktober 2009. Planen var kontinuerleg behandling av 10 tunge rusmisbrukarar, men mangel på driftsmidlar har gjort at Helse Førde aldri har teken posten i bruk. Ulike grunnar kan føre til ytterlegare utsetjingar eller redusert drift, seier Reusch.

– Planen er 1. september, men vi får sjå om det er mogleg å setje i gang. Eventuelt må vi sjå om vi kan starte med redusert drift.

Trur på oppstart

Staten har sett av 75 millionar kroner til omstillingsprosjektet "Framtidas lokalsjukehus" på Nordfjordeid, og 25 millionar av dette skal gå til drift av rusposten. Per i dag går 10 pleiarar som har vorte overflødige ved Nordfjordsjukehus på kurs for å lære seg rusbehandling.

Prosjektleiar Odd Søreide forventar at rusposten kjem i drift i løpet av 2012.

– Eg ser for meg at vi må vere i gang i løpet av året, seier han.