Hopp til innhold

Her kan bilistane køyre igjen

Utvikfjellet og Vikafjellet er opna etter å ha vore stengt, men vegen til Veitastrond er framleis mellom fleire stengde vegar tysdag morgon.

Store problem med overflatevatn på Utvikfjellet

OVERFLATEVATN: Nedbør og snøsmelting førte måndag ettermiddag og kveld til så store problem på Utvikfjellet at vegen vart stengd. Den vart opna tysdag morgon.

Foto: Runar Sandnes

Vaktoperatør Jan Erikstad ved Statens vegvesen seier at dei håpar å vite meir om når vegane opnar i løpet av kort tid.

– Det er mange som lurer på korleis det går med desse vegane, og i løpet av dei første timane reknar vi med å kunne gje eit godt svar, seier han til NRK like over klokka 06.

Vegen kan forsvinne

Fylkesveg 60 over Utvikfjellet vart stengd måndag kveld. Då hadde vatn i strie straumar herja med vegen gjennom store delar av dagen. I tillegg til nedbøren fører snøsmelting og tele til overfløymde elvar og bekkefar.

Mellom Utvik og Byrkjelo jobba entreprenøren på spreng i fleire timar for å ta unna vatnet. I natt våga dei ikkje å halde vegen open for trafikantar.

– Det er frykteleg vanskeleg arbeid dette her. Faren er at heile vegen kan forsvinne, det er det som er problemet, sa vakthavande ved E. Opedal & Sønner, Håkon Ekornrud, til NRK.no ved 20.15-tida.

Fv. 60 er opna

I 06.30-tida tysdag melder Vegtrafikksentralen at Utvikfjellet er opna for fri ferdsel.

Ekornrud opplyser til NRK.no at vegen er innsnevra på nedsida av Karistova og at det her er litt jobb å gjere. Han opplyser at det vil bli arbeidd utover dagen tysdag med å reparere og sjå etter ytterlegare skade.

– Vi har fått tilbakemelding om at det ikkje er vatn i vegen, det skal ha trekt seg tilbake. Det skal ligge litt stein og grus, men elles er det ikkje observert skade av betydning, seier Erikstad.

Overflatevatn

Skred og skredfare gjode at også riksveg 13 over Vikafjellet var stengd til klokka 09 tysdag morgon. Stengd er også fylkesveg 337 mellom Hafslo og Veitastrond og fylkesveg 451 mellom Vassenden og Kjøsnes på sørsida av Jølstravatnet. Her har det gått ras ved Myklebust, men vegen er venta rydda i løpet av ettermiddagen.

Rasfare stengjer også fylkesveg 92 mellom Stordalen og Bjordalen.

– No har nedbøren gitt seg noko, men mildveret gjer nok sitt til at det blir litt overflatevatn. Det er isløysing og fort at det kan bli litt oppdemming, åtvarar Erikstad.