NRK Meny
Normal

Opnar Utvikfjellet for bussar og lastebilar

Frå klokka 14 fredag blir fylkesveg 60 over Utvikfjellet opna for køyretøy opp til 15 meters lengde. – No vart eg 50 prosent glad, seier Rolf Olav Tenden i Tenden Transport.

Asfaltering av vegen i Utvik

HER KAN DEI KØYRE: Natt til fredag vart denne vegstumpen i Utvik asfaltert. Den er ein del av den provisoriske vegen mellom Utvik og Byrkjelo.

Foto: Bengt Flaten / Fjordingen

Statens vegvesen har avgjort at dei kan la litt større bilar køyre på vegen som vart øydelagd av flaumen i Utvik. Det betyr mellom anna at turistbussar kan bli med i kolonnene over Utvikfjellet.

For Tenden Transport betyr det at ein del av ein del av bilane deira kan sleppe å ta omvegen om Anda-Lote, seier dagleg leiar Rolf Olav Tenden.

– Det hjelper på den daglege trafikken med distribusjon og levering av t.d. gjødsel til bønder. Og dei fleste bussane er i dag under 15 meter, så dette er eg veldig glad for. Når det no er asfaltert ein liten stubb ser eg på det som ein god og sikker veg.

Rolf Olav Tenden

– HJELPER PÅ: Dagleg leiar Rolf Olav Tenden i Tenden Transport.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Stor ekstrakostnad

Men framleis må dei store vogntoga og semitrailerane ta omvegen om ferjesambandet Anda-Lote.

– Ja, dessverre. Og det er den kostnaden som er verst for oss, for dei bilane er dyrast på ferjene og i kroner per kilometer. Vi har kalkulert med at vi har ein ekstrakostnad på 80.000 til 100.000 kroner i veka, berre for vårt firma, så dette er tøft.

Han seier at dei er nøydde til å få ei snarleg løysing som gjer at også dei største bilane kan køyre over Utvikfjellet.

– For dette er ikkje haldbart. Kundane våre forstår ikkje at dette er store ekstrakostnader, dei er ikkje viljuge til å betale for det, så divor går det rett på botnlinja vår.

– Heilt avgjerande

Dagleg leiar Rogeir Haugen i Olden skysslag vart veldig glad då NRK ringde for å få kommentar til at bussar no kan køyre Utvikfjellet.

– Dette er heilt avgjerande for oss. Det har vore ei kaotisk stemning her i dag, mange av bussjåførane har vore rådville på kva dei skal gjere.

– Vi har no fått tilstrekkeleg oversikt over skadar og fått utbetra det som er nødvendig for at vi kan setje på tyngre trafikk. Det er mykje skadar på vegen over Utvikfjellet i tillegg til skadane i området rundt bruene. Dette har vi no kontroll over og kan setje på tyngre og lengre køyretøy, seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen.

Vegen er å rekne som einvegskøyrt, og det blir difor styrt trafikkavvikling og leiebil. Bilistane må rekne med ventetid på inntil ein time.

Utvik, omkøyring

Her er omkøyringa gjennom Utvik, som no er opna for køyretøy inntil 15 meter. Dermed gjeldt ikkje vektavgrensninga på 3,5 tonn.

Foto: Statens vegvesen
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.