– Slik situasjonen er no må vi alle trå til for å hjelpe, seier grenseveterinær Nina Manning ved Mattilsynet sitt kontor i Måløy.
I vekene og månadane framover er veterinæren i Måløy klar for å kontrollere importert fôr som kan berge husdyra til tørkeråka bønder i Sør-Noreg. Denne oppgåva har kontoret aldri hatt før, men mangelen på fôr er no så dramatisk at styresmaktene set i verk krisetiltak.
Etter eit hastemøte med landbruksministeren i går opnar Mattilsynet for grensekontroll av importert fôr frå tredjeland på kontrollstasjonane sine i Egersund, Måløy og Ålesund. Per i dag er det berre kontrollstasjonane i Borg og Oslo ved Oslofjorden som gjer denne jobben.
– Vi er opptekne av at Mattilsynet kan bidra til å raskt løyse fôrkrisa, utan at vi blir for byråkratiske. Samtidig vil eg understreke at vi helst ønskjer at bønder i størst mogleg grad skaffar fôr frå Noreg. Men vi ser at behovet for import er stort, og jobbar for å finne praktiske løysingar, seier Harald Gjein, administrerande direktør i Mattilsynet.
- Les også:
Kan måtte importere fôr frå andre sida av jorda
eller frå dei nærmaste nabolanda, er det no nesten umogleg å få tak i fôr.
Med lite tilgang ventar Mattilsynet no ein auke i importen frå tredjeland, som til dømes USA, Canada og New Zealand. Dette er fôr som må godkjennast og kontrollerast før bøndene kan ta det i bruk.
Ved å opne tre nye grensekontrollstasjonar for fôr på Vestlandet, der situasjonen er spesielt vanskeleg, håpar Mattilsynet å kunne hjelpe bøndene til å ta mest mogleg fornuftige val.
Fryktar sjukdomar
Stortingsrepresentant Geir Pollestad i Senterpartiet er uroa for at den forventa massive importen av fôr kan dra med seg sjukdomar og smitte.
– Når vi importerer frå land med andre sjukdomar enn vi har i Noreg, utset vi den gode plante- og dyrehelsa i Noreg for ein risiko.
Mattilsynet og Pollestad deler dermed ei uro, men direktøren i Mattilsynet seier dei må ta grep.
– Vi veit at det er ei rekkje bakteriar og virus som kan spreiast via fôr. Difor er dette ei naudløysing. Vi ser at det er krise, og av omsyn til dyr og matproduksjon må vi leggje forholda mest mogleg til rette, men under ein klar føresetnad at dette er dyrehelsemessig og mathelsemessig trygt, seier Gjein i Mattilsynet.