Hopp til innhold

Opnar tilsynssak etter at mann forsvann

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane opprettar tilsynssak etter at ein bebuar hjå Melås Helse forsvann medan han var med institusjonen på tur på Haukåsen i Sogn.

Leiteaksjonen på Haukåsen

OMFATTANDE LEITEAKSJON: Mange har vore med på å leite etter den sakna mannen.

Foto: Christian Blom

Fylkeslege Per Steinar Stensland

OPNAR TILSYN: Fylkeslege Per Stensland seier dei sjølv har valt å opne tilsynssak.

Foto: Arne Stubhaug / Arne Stubhaug, NRK Sogn og Fjord

Store styrker har leita etter mannen sidan 9. mai, men han er framleis ikkje funnen.

Fylkeslege Per Stensland seier dei vil vurdere om mannen har fått forsvarlege helsetenester.

Vi startar tilsynssak mot Melås Helse som var den institusjonen som hadde ansvar for å gi helse- og sosialtenester til mannen. Vi vil klarleggje om tenestene som mannen har fått, har vore forsvarlege etter helselovgjevinga. Vi opprettar også tilsynssak mot heimkommunen til mannen.

Stensland seier saka er av ein slik art at Fylkesmannen har valt å opne saka sjølv.

– Det er av offentleg interesser for å få klarlagt den best mogleg.

Fagansvarleg for Melås Helse, Per Steinar Melås, seier dei har gitt forsvarlege tenester, og vil bidra med det dei kan av informasjon i saka.

– Vi kan bidra med dei faktiske forholda som skjedde før mannen forsvann og det som hadde med hans omsorg og tilsyn å gjere, seier Melås.

Opprettar tilsynssak mot Årdal kommune

Det er heimkommunen som har ansvar for å gje innbyggjarane helse- og sosialtenester.

–I dette tilfellet vil vi sjå om kommunen har bestilt og følgt opp tenestene forsvarleg, seier Fylkeslege Stensland.

Årdal er heimkommunen til den sakna mannen. For Årdal kommune er dette ei venta tilsynssak.

Mindre rus i Årdal

VENTA TILSYN: For Årdal kommune var dette eit venta tilsyn, fortel kommunalsjef Rigmor Svanberg.

Foto: Årdal kommune

– Når slike ting skjer, så er det for å finne ut mest mogleg om tenesta har vore forsvarleg, og om kommunen har oppfylt sitt ansvar. Det er eit heilt ordinert tilsyn, seier kommunalsjef Rigmor Svanberg.

Kommunen har ikkje gjort andre vurderingar enn kva som står i avtalane med Melås Helse.

– Vi har ikkje gjort andre vurderingar enn at vi stiller oss til dei avtalane vi har inngått, som og skildrar innhaldet og kvaliteten i tenesta, fortel Svanberg.

Har kommunen oppfylt ansvar sitt?

– Det vil tilsynet avdekkje.