Hopp til innhold

Opnar tilsyn mot fastlegen

Fylkeslegen i Sogn og Fjordane opnar tilsynssak mot fastlegen til den 13 år gamle jenta som i starten av februar vart funnen død i senga si.

Assisterande fylkeslege Jacob Andersen

INNHENTAR INFORMASJON: Assisterande fylkeslege Jacob Andersen seier dei no startar arbeidet med å innhente informasjon.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Jenta budde i fosterheim og var under Sogndal kommune sitt omsorgsansvar då ho døydde. Dei biologiske foreldra til jenta har meldt Sogn barnevern, fosterforeldre og ein kommunelege til politiet.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har opna tilsyn mot Sogn barnevern, og torsdag stadfestar assisterande fylkeslege Jacob Andersen at dei opnar tilsynssak også mot fastlegen til jenta.

– Vi ønskjer å gå breitt ut for å få undersøkt alle dei aktørar som har vore involvert i å yte tenester til jenta, seier Andersen til NRK.no.

Kjenner seg neglisjerte

Jenta vart plassert i fosterheim for to år sidan, etter at barnevernstenesta og fylkesnemnda meinte foreldra ikkje hadde god nok omsorgskompetanse.

Tidleg i februar vart jenta funnen død i si eiga seng i fosterheimen. Foreldra og advokaten deira, Louis Anda, meiner jenta i forkant av dødsfallet hadde symptom på epilepsi.

Etter det NRK kjenner til var epilepsimedisineringa trappa ned i forkant av dødsfallet.

Anda har tidlegare sagt til NRK.no at foreldra kjente seg neglisjerte, og meiner barnevernstenesta bortforklara symptoma til jenta med angstanfall, fordi dei biologiske foreldra jobba for å få omsorga tilbake.

Kan gå månader før saka blir avslutta

Når fylkeslegen no har opna tilsyn mot fastlegen til jenta vil dei innhente dokumentasjon, og eventuelt gjere intervju med personell som har vore involvert.

– Har de informasjon som gir grunn til å tru at det har skjedd noko som ikkje er i tråd med det ein skal gjere som fastlege?

– På noverande tidspunkt har vi ikkje informasjon som gjer at vi kan uttale oss om det, seier assisterande fylkeslege Jacob Andersen.

Han kan ikkje seie noko om kor lang tid det vil ta før tilsynssaka blir avslutta, men seier det kan ta fleire månader.