Hopp til innhold

Opnar tidlegast neste veke

Fylkesveg 602 ved Refvikvatnet i Vågsøy vil tidlegast opne i neste veke.

Steinane som kom ned på fylkesveg 602 i Vågsøy.

Steinane losna i 300 meters høgde tysdag.

Foto: Bjarne Eldevik

Vegen har vore stengd sidan tysdag då 10-12 steinblokker losna i 300 meters høgde og dundra ned frå den stupbratte fjellsida over fylkesvegen. Dei største steinblokkene var på nær to kubikkmeter.

- Ingen er totalt innesperra på grunn av vegstenginga, men nokon vil få lengre veg til arbeid og skule, orsakar byggjesjef Lars Erik Karlsen i Statens Vegvesen.

Stengt i helga

Geolog vurderte onsdag sleppområdet frå helikopter. I samråd med geologen meiner Statens Vegvesen at sleppområdet bør reinskast før fylkesvegen opnar, og har bestilt spesialistar frå Mesta fjellsikringsgruppe.

- Om veret tillet det, blir arbeidet starta måndag 9. mars. Vi reknar med at arbeidet vil ta eit par arbeidsdagar, seier Karlsen.