Hopp til innhold

Opnar spektakulær båtrute

Frå i dag blir det faste ruter med rib-båt mellom Vik, Balestrand og Finnabotn.

Balestrand
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Ein rib- båt er ein gummibåt med fast skrog og pølser som heng rundt. Slik sit ein nesten på vatnet, og får sjøsprut i andletet.

For alle

- Spaninga og kicket med å sitje på desse pølsene og oppleve naturen slik gjev meirsmak, lover Carl André Riiber.

Han meiner dette vil lokke mange målgrupper til Sognefjorden.

- Her snakkar vi om verksemder, innbyggarar, folk som er heime på ferie og turistar.

Trygt

Og for dei som synes at slik nærkontakt med fjorden høyres skremmande ut, lovar Riiber at tryggleiken er høgt prioritert.

- Det går mange røvarhistoriar, men vi tek ingen sjansar. Dette er turar alle kan vere med på.