NRK Meny
Normal

Opnar skitrekk med hemmelege planar i ermet

Stryn Sommerski set i gang skiheisen på fredag. Men det vert ein ny sesong utan drift av bretrekket. Eigarane går med hemmelege planar for å erstatte det viktige bretrekket.

Stryn Sommerski

OPNAR FREDAG: Skiheisen vert testa og prøvekøyrt før opning fredag. 40 svenske skikøyrarar er mellom dei som alt har varsla sin ankomst på opningsdagen.

Foto: Silje Guddal / NRK

Brøytekantane veks for kvar sving vi tek på Gamle Strynefjellsvegen frå 1894. Nokre plassar ein liten halvmeter. Andre plassar må du stable to bilar i høgda for å sjå over snømengdene.

Framfor NRK køyrer nytilsett dagleg leiar ved Stryn Sommerski. Fram til i fjor jobba ho med eldre og demente på ein sjukeheim på Austlandet. No har Nina Lensebakken to dagar på seg til å få Stryn Sommerski klart til ein ny sesong.

– Det er meldt sol og det er optimale forhold. Heisen er godt stelt, smurt og alle delar fiksa, seier Lensebakken når vi er framme ved skisenteret på Tystigen, 1000 meter over havet.

Kaos sett i system

Gamle Strynefjellsvegen

FYLKESVEG 258: Brøytekanten til venstre er vel to meter høg. Det var langt enklare å brøyte Gamle Strynefjellsvegen i år enn i fjor.

Foto: Silje Guddal / NRK

I fjor vart opninga utsett. Snøen på den smale fylkesvegen var som betong. Snøfresen til entreprenøren havarerte og skisenteret gjekk glipp av inntekter. I år er situasjonen snudd på hovudet. Det vert opning ei veke tidlegare enn planlagt.

Ved skisenteret rår det Lensebakken kallar eit kaos sett i system. Det er likevel noko som ikkje kjem på plass; bretrekket.

– Breen har vore i forandring og mastene var ganske slitne, så det var ikkje forsvarleg frå taubanetilsynet si side å sette opp trekket.

Hemmelege planar

Det er sambuar til Lensebakken, Idar Aaboen, som kjøpte Stryn Sommerski i 2014.

Nina Lensebakken

KLAR TIL OPNING: – Akkurat no er snøen veldig fin. Dei som har prøvekøyrt synest den er heilt perfekt. Snømengda er som i fjor, seier dagleg leiar Nina Lensebakken.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Kor lenge kan de halde det gåande utan eit bretrekk?

– Ikkje så veldig lenge. Difor må vi tenkje alternative metodar, og det er det vi held på med no, seier Lensebakken.

Men informasjon om kva desse planane går ut på, er det ikkje råd å få.

– Det er hemmeleg, seier Lensebakken, og ler.

– Vi teiknar, har kontakt med kartverket og fått sett opp linjer. Vi håpar å kome med ei løysing, men det krev litt økonomi, og økonomi er vel ikkje akkurat skisenteret si sterkaste side. Vi håpar folk har tolmod, seier Lensebakken.

I 2015 omsette Stryn Sommerski for 1,9 millionar kroner. Årsresultatet enda på 35.000 kroner.

–Korleis ser du på utsiktene til å finansiere det dokke har planar om?

– Då må vi ha eit godt konsept og det må vi selje slik at folk verkeleg vil investere og har tru på prosjektet. Det jobbar vi med.

Gondoldraum

Det er Lensebakken sin første sesong som dagleg leiar ved skisenteret. Med bakgrunn frå helsevesenet vedgår ho at ho kan ha ei anna syn på korleis ting kan gjerast.

Stryn Sommerski

SYSTEM I KAOSET: Mykje dugnad og mykje god hjelp frå familie og vener får Stryn Sommarskisenter klart til opning.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Eg ser litt andre løysingar. Det er ikkje alltid dei andre er samde, men eg trur det er sunt å jobbe tverrfagleg mange gongar, for å få fram det beste i ting, seier Lensebakken.

Sjølv om dei held korta tett til brystet når det gjeld framtidsplanane, kjem svaret kjapt når vi spør den tidlegare omsorgsarbeidaren kva draumen er.

– Det må vere ein gondol heilt opp til Kvitlenova og ein til øvste toppen der bretrekket har gått. Då opnar området seg opp for eit heilt anna publikum som får lov å ta del i noko som er eigentleg er veldig spektakulært, seier Lensebakken.

Vegopning på Bergum i Førde kommune