NRK Meny
Normal

Opnar skisenter etter «Dagmar»

Uveret Dagmar øydela traseane ved Stryn Vinterski - laurdag opnar skiheisane igjen.

Dagmars herjingar og mildvêr etterpå, førde til stor vassføring som grov grøfter i løypene og raserte skiforholda. Dermed kunne ikkje skisenteret halde oppe i romjula der senteret vanlegvis tener bra med pengar.

– Det er klart vi har tapt pengar når vi måtte stengje. Vi skulle vore godt i gang med sesongen no, seier kommunikasjonsansvarleg Magne Brekke ved Stryn Vinterski.

God sole med nysnø

No ser han optimistisk føre denne helga. Det har blitt kjøligare med 35 centimeter nysnø og strålande vinterver. Også høgfjellstrekket Steindalsheisen opnar denne helga.

– Det ser fantastisk ut. Mildvêret gav oss ein god sole og vi har fått nysnø oppå.

Også i langrennsløypene mellom Ullsheim og skisenteret er det flotte tilhøve for dei som ønskjer å komme seg ut i naturen i helga. Brekke håper på mykje folk i helga.

– Vi håper at mange frå heile Nordfjord tek turen, for det blir magisk bra i helga, seier han.

Fint ver på søndag

Statsmeteorolog Steinar Skare ved vêrvarslinga på Vestlandet seier den beste dagen i helga blir søndag. For det kjem inn eit nedbørsområde mot fylket natt til laurdag.

– Det blir aukande vind på kysten med liten kuling frå sør. Det blir sludd, snø og regn i ytre strøk. I indre strok blir det sludd og snø.

Utover laurdagskvelden vil vinden minke og Skare har eit håp om at det blir lettare ver på søndagen.

– Det er den dagen vi har eit stort håp til. Når det klarnar opp natt til søndag, fell temperaturen raskt ned til minus. Det blir lite vind som kjem frå søraust, seinare skiftande bris. Det blir stort sett pent ver denne dagen, seier han.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå