Hopp til innhold

Har reinska fjellsida for laus stein - opnar riksveg 5 for fri ferdsle

Fjellsida ved Leversundet på riksveg 5 er reinska for lause steinar. Vegen opna for fri ferdsle klokka 19.00.

Ras på rv. 5

LOSNA HØGT OPPE: Steinane, som dundra ned på riksveg 5, har losna om lag 120 meter oppe i fjellsida.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Reinskelaget er akkurat ferdige med arbeidet, og ein meiner det er trygt å opne vegen, seier vakthavande ved Vegtrafikksentralen, Roger Nedberge Hille.

Vegen mellom Førde og Florø har vore stengd sidan i 21-tida tysdag kveld då det gjekk eit steinsprang ved Leversundet mellom Grov og Sundefjellstunnelen.

Tre mann frå Norsk Bergsikring AS har gått over området og rasløpet og fjerna lause steinar og blokker manuelt.

– Dei har gått over og fysisk fjerna alt av lause steinar, seier Hille.

(Artikkelen held fram under videoen)

Stein rasar ned frå fjellsida på RV5

REINSKA FJELLSIDA: Eit reinskelag frå Norsk Bergsikring AS har jobba i fleire timar med å få vekk lause steinar og steinblokker frå rasstaden. Foto/redigering: Steinar Lote/Ole Andre Rekkedal

Har utvikla seg over tid

Steinane har losna frå eit område om lag 120 meter oppe i fjellsida. Det er truleg ein liten bekk som har løyst ut eit blokkparti, og dette har så teke med seg massar nedover.

– Det har vore ein del vatn i sprekksystema der, og det har nok vore ei langtidsutvikling, seier geolog Kristian Kjesbu, som i ettermiddag såg nærare på rasområdet.

Ingen omkøyringsmoglegheiter

Det har ikkje vore omkøyringsmoglegheiter for folk som har hatt behov for å komme seg mellom Førde og Florø eller Florø og Svelgen.

Etter at geolog hadde vore på synfaring i området, vart det bestemt å opne vegen kvar heile time frå klokka 16.00 for å sleppe bilar gjennom.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Ras på riksveg 5 skapte lang ventetid

LANG KØ: Mange bilistar måtte vente lengje etter at riksveg 5 vart stengd av ras. Foto/redigering: Steinar Lote/Ole Andre Rekkedal

Såg steinen i spegelen

Tysdag kveld kom Hallgeir Helland køyrande frå Førde, og såg første steinen deise ned i vegbana kring 20 meter framfor bilen.

– I det same såg eg i spegelen at det fall ned ein stein bak bilen, fortel Helland, som var snar til å køyre ut av området.

Hallgeir Helland

NÆR: Hallgeir Halland kom køyrande tysdag kveld då steinar hamna i vegbana både framfor og bakanfor bilen.

Foto: Høgre

Då han kjende seg på trygg avstand, stoppa han bilen slik at han også fekk stoppa andre trafikantar og varsla vegvesenet. Saman med fire-fem andre bilistar fekk han lempa dei to steinane ut av vegen.

– Eg har ikkje opplevd steinsprang akkurat her før, men eit par hundre meter lenger inne har det tidlegare kome stein ned i vegen, seier Helland, som fortel at steinspranget sette eit støkk i han der og då.