Opnar riksveg 5
Riksveg 5 mellom Fjærland og Sogndal er opna for trafikk med manuell dirigering. Eit jord- og sørpeskred stengde i 14-tida vegen ved Gunvordalen i Sogndalsdalen. Bilistar må rekne med inntil 20 minutt ventetid så lenge oppryddingsarbeidet pågår.