Hopp til innhold

Opnar opp helsegrensene

Dersom ein kommune slår seg saman med ein annan kommune og byter fylke og helseregion, vil den nye helseregionen ha ansvaret for å sørgje for at innbyggjarane i den tidlegare kommunen får spesialisthelsetenester. Det skriv Sunnmørsposten. I både Nordfjord og Sogn har innbyggjarane orientert seg mot andre helseføretak enn Helse Førde. – Det er gledeleg å få stadfesta at fylkesgrensa ikkje skal vere til hinder for at mellom anna honndølane skal finne tenlege helsetilbod, seier Hornindal-ordførar Stig Olav Lødemel til avisa.

Stig Olav Lødemel
Foto: Trond Vestre / NRK