Hopp til innhold

Osland opnar opp for storuniversitet på Vestlandet

Styreleiar for Høgskulen i Sogn og Fjordane, Heidi Katrin Osland, snur og opnar for å gå inn i eit storuniversitet på Vestlandet. Høgskulestyret har fleire gonger sagt nei til slå seg saman med andre høgskular og universitet.

Heidi- Kathrin Osland

OPNAR OPP: Styreleiar Heidi Katrin Osland ønskjer no å diskutere tettare samarbeid med Høgskulen i Bergen og Universitetet i Bergen.

Foto: Vidar Gudvangen

Ho opnar for å gå inn i eit storuniversitet på Vestlandet, med Universitetet i Bergen i spissen. Universitetet må med, ikkje minst for få tak i dei viktige og mange forskingsmillionane som finst i EU-systemet, seier Osland.

– Det er jo noko som opnar opp for at langt fleire fagmiljø ved vår høgskule vil kunne finne nokon å samarbeide med og utvikle seg vidare med, seier Osland til NRK.

Held døra open

– Norge får veldig liten del av EU sine forskingsmidlar, det er ein realitet. Skal vi klare å få tak i meir av desse midlane, så er det ikkje nok at Høgskulen i Sogn og Fjordane slår seg saman med Høgskulen i Volda. Då må Universitetet i Bergen ta ansvar for å vere ein motor saman med dei andre skulane på Vestlandet.

Det verkar som om jula har blitt brukt godt og vi ventar no på kva som skjer vidare

Statssekretær Bjørn Haugstad

Universitetet i Bergen tek utspelet frå Osland til vitande, men held døra open for å finne felles løysingar.

– Dersom Høgskulen i Sogn og Fjordane ønskjer å ta opp att tråden med samarbeid med oss, så er det noko vi skal handsame på ein skikkeleg måte i styret, seier rektor og styreleiar ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen.

Dag Rune Olsen

GLER SEG: UiB-rektor Dag Rune Olsen tykkjer det er bra at HiSF no snur seg mot Bergen.

Foto: UiB

– Veldig positivt

Det Olsen konkret har drøfta med rektorkollegaen sin ved Høgskulen i Bergen er å oppretta forskingsklynger, altså å samla utdannings- og forskingsmiljø som driv med det same, til dømes innan helse, energi og teknologi. I desse samtalane Heidi Katrin Osland vil vera med.

Høgskulen i Sogn og Fjordane har tidlegare arbeidd mot eit storuniversitet på Vestlandet. Som medlem i Universitets- og høgskulenettverket på Vestlandet var høgskulen i fjor med å foreslå ei stor samanslåing av universitet og høgskular på Vestlandet,med eit felles styre, men der insitusjonane elles hadde stor grad av sjølvstyre.

Men denne såkalla konsortiummodellen blei for laus i fisken for Kunnskapsdepartmentet, som vende tommelen ned. Uansett - at styreleiar Osland no legg vekk sjølvstendestandpunktet og er open for dialog sørover, gler statssekretær Bjørn Haugstad (H) i Kunnskapsdepartementet.

– Eg tykkjer det er veldig positivt. Det verkar som om jula har blitt brukt godt og vi ventar no på kva som skjer vidare, slår han fast.

Vil ikkje forskottera endeleg vedtak

Det er høgskulestyret som skal bestemma om dei skal gå for det nye framlegget til Osland, og saka hamnar på bordet på eit styreseminar i starten av februar.

Før det skal fotfolket på høgskulen få seia sitt. Osland vil ikkje forskottera kva det endelege vedtaket blir.

– Eg må ta alle moglege forbehold i høve kva styret vil seie og i høve dei råd organisasjonen og leiinga vil gje oss.