Hopp til innhold

Opnar opp for HAFS

Førde bystyre opnar for at HAFS-kommunar kan slutte seg til intensjonsavtalen i indre Sunnfjord. Berre Førde Senterparti stemte i mot at desse kommunane skulle få vere med. Frå før har Jølster kommunestyre sagt nei til dette, og Gaular kommunestyre skal seie sitt i kveld. Naustdal kommunestyre skal ha møte 4. mai. Bystyret vedtok samrøystes å gå for samanslåing med Jølster, Naustdal og Gaular.