NRK Meny
Normal

Opnar nytt vegsamband

Fredag 17. februar opnar fylkesordføraren det nye veg- og ferjesambandet Sætrevågen-Haldorsneset-Daløy i Solund.

Sambandet erstattar ferjeturen mellom Daløy og Nåra. Ferjetida over Ytre Steinsund vert dermed redusert frå 20 til åtte minuttar.

Samstundes kan overfarten gå i meir skjerma farvatn enn tidlegare.

Prislappen på det nye sambandet er knapt 25 millionar kroner.

 

Vegopning på Bergum i Førde kommune