Hopp til innhold

Ny ambulansestasjon skal gje betre tenester - bli med på omvisning i bygget

Fredag opnar Helse Førde den nye ambulansestasjonen i Førde. Samlokalisering av ambulanse, luftambulanse og AMK skal gje innbyggjarane i fylket betre tenester.

Ny ambulansestasjon i Helse Førde kan bli modell for resten av landet.

NYTT: Frå no av blir pasientane trilla rett frå helikopteret til akuttmottaket. Det er berre eit av dei nye tiltaka som har kome på plass med den nye ambulansestasjonen, som samlokaliserer AMK, Luftambulansen og ambulansetenesta til helse Førde.

Foto: Stein Jarle Aase

– Vi håpar det blir betre tenester, og eg trur folk vil merke det, seier leiar ved AMK. Helene Sæterdal.

Kjell Naustdal er stolt av den nye og romslege basen for luftambulansen.

STOLT: Sjef for luftambulansen, Kjell Naustdal, er glad for å kunne flytte frå brakkerigg til nye og store lokale ved Førde sentralsjukehus.

Foto: Stein Jarle Aase

Helse Førde sin ambulansestasjon som blir opna fredag, skal vere modell for framtidas basar. Ambulansetenestene blir då samla under eitt tak, og ambulansehelikopteret kan lande rett på taket til det nye akuttmottaket. Dermed skal det bli enklare å koordinere ressursar i ein stor aksjon, og ein slepp å laste om pasientar.

– Viss vi er raskare og betre, spesielt i samspelet mellom ambulanse, AMK og luftambulanse, så kjem det pasienten til gode, og oss også. Og no vil pasientane vere tørre frå landing på dekk og kunne fare rett i akuttmottaket utan omlossing, seier Kjell Naustdal, som er basesjef for luftambulansen.

Frå brakkerigg til toppmoderne lokale

For luftambulansen betyr den nye stasjonen at det er slutt på livet i brakkeriggane, det var ei kjærkoma endring.

– Det er enklare og betre og mykje trivelegare å kome på jobb i tilrettelagde lokale, seier Naustdal.

(Artikkelen held fram under videoen)

Den har kosta 166 millionar å bygge og samlar luftambulanse, ambulanse-stasjon og AMK-sentral under samme tak.
Den nye akutt-basen ved Førde sentralsjukehus kan bli malen for resten av helse-Norge.

SJÅ VIDEO: Bli med på omvisning i den nye ambulansestasjonen. (FOTO/REDIGERING: HEIDI LISE BAKKE/NRK)

Før måtte dei hente fram hatt og frakk for å kome seg til helikopteret for å sjekke utstyr og ordne anna ved helikopteret. No kan dei gå tørrskodde frå A til Å, noko som har ført til ein lettare kvardag.

– Det er også teke høgde for å kunne parkere eit ekstra helikopter. Det var eit stort problem før med liten plass. Viss både vi og redningshelikopteret var i lufta, måtte ein gjerne parkere på naboen sitt jorde. No kan fleire vere på landingsplassen samtidig, det er ein stor fordel, seier Naustdal.

Ny giv hjå dei tilsette

Også hjå ambulansetenesta har dei i lang tid sett fram til å ta i bruk den nye ambulansestasjonen. Tidlegare heldt dei til i eit bustadfelt, og på utrykking var det på med blålys og sirene og rett forbi barnehagen, til glede for borna, men ikkje så kjekt for dei tilsette.

– Det var ikkje noko særleg, no har vi ein betre kvardag. Lokalet er tilpassa det vi treng med gode løysingar, så det gjer noko med motivasjonen, seier Stian Sægrov, leiar for ambulansetenesta i Helse Førde.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Den nye akutt-basen ved Førde sentralsjukehus til 166 millionar kroner kan bli malen for resten av helse-Norge.

SJÅ TV-SAK: Den nye akutt-basen ved Førde sentralsjukehus til 166 millionar kroner kan bli malen for resten av helse-Norge. (FOTO/REDIGERING: OLE ANDRE REKKEDAL/NRK)

No er alle klede og alt stilt opp på geledd og klare til bruk på oppdrag, og garasjen kan huse fire bilar.

– Det vil ta kortare tid frå alarmen går til ein er på vegen. Det er snakk om sekund, men utrykkingstida vil gå ned. Med tettare samarbeid mellom etatane, så blir det også fleire synergiar i det lange løp. Vi kan diskutere i fellesskap, drive opplæring og halde møter saman. Det vil styrkje samhaldet og kompetansen, trur Sægrov.

Kjem tettare på kvarandre

Han får støtte at AMK-leiaren.

AMK, luftambulansen og ambulansetenesta kjem heilt tett på kvarandre i dei nye lokala.

TETT PÅ: AMK, luftambulansen og ambulansetenesta kjem heilt tett på kvarandre i dei nye lokala.

Foto: Stein Jarle Aase

– Vi blir også fagleg styrka. Vi som tek i mot telefonane kjem tettare på dei som rykker ut, og får ei betre forståing for det som skjer. Det blir også lettare for alle involverte å gjere evaluering av hendingar saman. Det er berre å ta på seg tøflane og gå opp ein etasje, fortel Sæterdal.

Det nye bygget er på 3333 kvadratmeter, og kosta kring 160 millionar kroner. Formelt vart bygget teke i bruk i starten av september, men det er først klart for offisiell avduking no. Innkøyringsperioden har gått bra, og til no ser alt ut til å fungere.

– Det er meir arbeidsvenleg her, lyst og større lokale. Det er lettare å konsentrere seg, og samarbeidet mellom operatørane er enklare, seier Sæterdal.