Hopp til innhold

Snart kan du suse ned Flåmsdalen i 100 kilometer i timen

I Flåmsdalen kan du snart leggje bak deg 1400 meter på drøye minuttet – med ein toppfart på 100 kilometer i timen. Laurdag opnar Nordens lengste zipline der.

SJÅ DEN LUFTIGE TUREN: Her testar NRK-reporter Sondre Dalaker den 1381 meter lange turen frå Vatnahalsen til Kårdalen.

Mellom høge fjell i Flåmsdalen kan ein frå laurdag av oppleve turar av det meir luftige slaget.

– Det blir litt artig å sjå responsen. Men vi må jo vere litt tolmodige, det er ikkje så mange som veit om det enno. Men på sikt trur vi det blir bra, seier Pål Mikkel Dalsbotten.

Han er ein av initiativtakarane til selskapet Flåm Zipline AS, som har hatt som mål å bygge ein zipline frå Vatnahalsen til Kårdalen i Flåmsdalen. Ein zipline er ein løypestreng ein kan feste seg til, og slik få ein luftig tur frå toppen av løypestrengen til den andre enden.

Turen ned dalen har ein høgdeforskjell på 305 meter. Toppfarten er 100 kilometer i timen. Men trygt er det, ifølgje Dalsbotten.

– Ja, dette er heilt trygt. Det er tryggare enn å sykle ned svingane her, vil eg påstå, seier han.

Håpar på trafikk frå Flåmsbana

Dalsbotten har tru på at den nye tilbodet vil bli populært når drifta kjem i gang frå laurdag av. Toppen av ziplina ligg rett ved Vatnahalsen stasjon på Flåmsbana, og Dalsbotten trur dei kan dra reisande derfrå.

Pål Mikkel Dalsbotten

TRUR PÅ PROSJEKTET: - Vi både trur og håpar dette blir populært, seier Pål Mikkel Dalsbotten, ein av intitativtakarane.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Forhåpentlegvis blir det ein del av dei. Men vi har også ein del andre grupper, som alle dei som syklar Rallarvegen om hausten. Dei kan ta zipline ned, og sende bagasjen og syklane med ein liten heis, fortel han.

- Korleis fekk de ideen til å lage ein zipline her oppe?

– Eg er eigentleg geitebonde. Det har vi frå før kombinert vi det med turisme og kafédrift. Det er mykje folk i området, så vi såg potensialet for å vidareutvikle stølsdrifta og få meir folk innom, seier han.

Trur det blir populært

Det er investert kring 10 millionar kroner i prosjektet.

Kor mange må reise ned her for at de skal overleve?

– For å få att dei ti millionane er det ein del, men vi har bra med eigenkapital i prosjektet, så vi har ikkje veldig press på oss. Vi kan drifte det ganske billig, om det ikkje blir så populært. At vi bukkar under, trur eg ikkje, seier Dalsbotten.

– Vi har trua på at mange vil prøve. Vi både trur og håpar dette blir populært, seier han.