Hopp til innhold

Mange vil kjøle seg ned med eit bad på Refvika - det skapar parkeringstrøbbel

Det har vore stor pågang av sommarvarme gjestar på badestranda Refvika i Vågsøy kommune dei siste dagane. Dette har ført til problem med parkering.

Refviksanden sommaren 2010

SOMMARVARME: Mange vil kjøle seg ned med eit bad i sommarvarmen, noko som skapar utfordringar knytt til parkering. (Arkivfoto)

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Politiet tok imot i går meldingar om at der var store parkeringsproblem i Refvika. Fastbuande i Refvika hadde store problem med å kome ut og inn av eigedomane sine.

– I går var det eit forrykande trykk på parkering her ute. Det var rett og slett litt meir bil enn ein klarte å ta unna, seier John Egil Eriksen.

Opnar slåttemarka si

Eriksen merka godt pågangen og fortel om ein kaotisk parkeringssituasjon.

– Det vart parkert rundt om kring, og det må ha skapt problem for innbyggjarane sidan politiet har fått melding, seier han.

For å ordne opp i parkeringssituasjonen har Eriksen tilbydd marka si, noko han har gjort tidlegare.

– For nokre år sidan var det parkering på marka mi, men i seinare år har eg brukt graset til fôring av dyr. No ser eg at det er behov for den igjen, og der er jo plass til om lag 100 bilar, så det tar vel unna, fortel han.

Glad for initiativ

Eriksen er ferdig med fyrste slåtten, og tilbyr difor marka si. Men det er berre ei mellombels løysing.

– Om ein tillate parkering over lengre tid blir marka fort øydelagt, så det tilbodet varer berre ut veka, seier han.

Politiet er klar over at det har vore ein pressa parkeringssituasjon ved Refvika tidlegare, og er glad for Eriksen sitt initiativ.

– Det er veldig flott at privatpersonar tar initiativ til å løyse situasjonen, seier politibetjent ved Vågsøy lensmannskontor, Birger Løvskar.