Hopp til innhold

Opnar likevel forhandlingar for pressa

Forhandlingsmøta mellom Eid og Selje vert no opna for presse likevel. Då forhandlingane starta tysdag skjedde det for lukka dører.

Alfred Bjørlo

OPNAR DØRENE: Ordførar i Eid Alfred Bjørlo vedgår at dei hadde tolka kommunelova feil.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Ordførar i Eid Alfred Bjørlo vedgår at dei hadde tolka kommunelova feil.

Vi har vel ikkje akkurat snudd, men vi har rett og slett ikkje tatt stilling til spørsmålet før, seier Bjørlo til NRK.

Det var først etter Fjordenes Tidende hadde sett søkelys på saka at kommunepolitikarane vart klar over at dei ikkje hadde heimel til å lukke møtet. Avisa synte mellom anna til at Sivilombodsmannen har avgjort at kommunane Rennebu og Oppdal braut kommunelova då dei i fjor forhandla om kommunesamanslåing bak lukka dører.

Bjørlo vedgår at dei at dei burde ha undersøkt dette betre på førhand.

– Men som sagt så er dette i ny problemstilling for oss. Tidlegare har vi hatt ei rekke forhandlingsmøte med Gloppen, der dette aldri kom opp som problemstilling, seier Bjørlo til NRK.

Etter at saka kom opp tysdag var forhandlingane avbrotne. I ei pressmelding tysdag kveld skriv Bjørlo at når forhandlingar vert tekne opp igjen onsdag klokka 0900, så skjer det for opne dører.

– Når vi no fekk ein førespurnad frå media så ser vi at vi burde vore tydlege frå første stund på at dette er eit offentleg møte ut frå reglane i kommunelova. Difor presiserer vi no at når forhandlingane startar onsdag så er dette eit ope møte der pressa er invitert, seier Bjørlo