Opnar kyrkje etter hærverk
Kyrkja på Nordfjordeid opnar att denne veka, skriv Fjordabladet. Den blei stengd etter innbrot og hærverk i slutten av november. Ein mann i 20-åra braut seg inn i kyrkja og utløyste eit pulverapparat, og øydela orgelet. No er kyrkja reingjort slik at publikum kan bruke kyrkja, men måleri og altertavla er enno ikkje reingjort. Kyrkjeverje Kristen Hundeide håper at orgelet kan takast i bruk i mai 2017.