Hopp til innhold

Opnar kyrkja som ligg tett opptil brannområdet

Innbyggjarane i Lærdal har vist stor omsorg for kvarandre etter den dramatiske storbrannen. Torsdag opnar kyrkja som ligg tett opp til branntomtene.

Hauge Kyrkje i Lærdal

OPNAR KYRKJA: Hauge kyrkje i Lærdal blir opna frå torsdag av. Sokneprest Helen Langeland seier det er viktig å stå saman etter det dramatiske som har skjedd.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– For oss i kyrkja er det først og fremst viktig å vere tilgjengelege som medmenneske, og det er slik vi som tilsette har trådd til no i starten, seier sokneprest Helen Langeland i Lærdal.

Som ein del av kommunen sin kriseteam har ho kome tett på dei som har mista alt, og Langeland seier det er viktig at både kommunen og innbyggjarane tek vare på kvarandre.

– Folk er veldig takksame for at folk bryr seg, det har vi fått føle sterkt på, seier ho.

– Folk tilgjengeleg for dei som treng nokon å prate med

Helene Langeland

STÅR SAMAN: Helen Langeland er sokneprest i Lærdal.

Foto: privat

Det har blitt skildra som flaks at ingen liv gjekk tapt då brannen herja på Lærdalsøyri natt til søndag. På kort tid spreidde brannen seg til ei rekkje bygningar, og fasiten no er at 35 bygg har blitt slukt av flammane.

Av desse er 17 bustadhus, og det er mange familiar som står att utan noko. Soknepresten seier det å vere saman om dei vonde kjenslene blir viktig også i dagane og tida framover.

Torsdag opnar dei Hauge kyrkje som eit samlingspunkt for dei råka.

– Hauge kyrkje ligg tett på brannområdet, og difor har det vore viktig for oss å opne den. Men det let seg ikkje gjere før torsdag.

– Men då opnar vi kyrkja, forhåpentlegvis med varme. Det blir moglegheit til å kome inn, tenne lys, og det vil vere folk tilgjengeleg for dei som vil snakke med nokon. Eller ein kan berre vere i kyrkjerommet, seier Langeland.

Kyrkja vil i første omgang vere open kvar dag frå klokka 17 til 20.

– Det er godt å få lov å vise folk at vi alle står samla om det som har skjedd, seier soknepresten.

(Artikkelen held fram under biletet)

Branntomt på Lærdal

STORBRANN: 35 bygningar vart slukt av flammane, av dei 17 bustadhus.

Foto: Marius Arnesen / NRK

Mange kan ikkje flytte heim på lenge

Dei materielle skadane etter brannen er store. For dei som har mista alt dei eig vil det gå lang tid før kvardagen blir den same. Kanskje blir den aldri det.

Forsikringsselskapa jobbar på spreng for å hjelpe dei, men varslar at gjenoppbygginga av busetnaden vil ta minst eitt år.

Også mange av dei som opplevde at heimane slapp unna flammane, har kome heim til hus som har vore sterkt prega.

Vonde møte med dei brannråka

Brann, røyk- og vasskadar har sett kjenslene i sving hos mange. Soknepresten har møtt mange av dei som har blitt råka av brannen, og ho fortel om sterke inntrykk.

– Vi kjenner kvarandre meir eller mindre alle saman her i Lærdal, og det å møte dei som har mista alt, det er vondt. Det er det, seier ho.

Ho legg ikkje skjul på at alle møta har sett sitt preg.

– Eg har merka det mest då eg har kome heim att og senka skuldrene, då har eg merka at det har vore tøft, seier soknepresten og held fram:

– Men fokuset for oss har heile tida vore at sjølv om det er mange som har mista mykje, så har vi kvarandre. Det å fokusere på det har vore veldig viktig, seier ho.