Hopp til innhold

Brannsjefen nektar å opne Gudvangatunnelen før ventilasjonen er god nok

Brannsjef Arvid Gilje i Aurland kjem ikkje til å tillate opning av Gudvangatunnelen før han er sikker på at ventilasjonen i tunnelen fungerer tilfredsstillande.

Arvid Gilje

VIL SETTE FOTEN NED: Brannsjef Arvid Gilje i Aurland vil ikkje opne Gudvangatunnelen før ventilasjonen er i orden.

Foto: Arne Stubhaug

Torsdag kjem justisminister Grete Faremo til Aurland for å takke hjelpemannskapa for innsatsen.

Gilje vil fortelje både justisministeren og andre kva krav han stiller for å gå med på opning av Gudvangatunnelen.

– Eg har lovheimel i brannlova for å kunne nekte opning når det går på persontryggleik.

Og Gilje meiner det har blitt grundig dokumentert at det set folk i livsfare når ventilasjonen ikkje fungerer.

Så dersom tunnelen elles skulle vere klar til å bli opna kan brannsjefen sette foten ned for å sleppe trafikken gjennom.

– Eg har vore i denne jobben i vel 28 år, og alle veit at eg brenn for tunneltryggleik. Eg kan berre ikkje tillate opning før eg er trygg på at alt er i orden. Og folk i vegvesenet er heilt samd med meg når det gjeld ventilasjonen.

Gudvangatunnelen stengd etter brann

STENGD TUNNEL: Brannsjefen vil ikkje opne Gudvangatunnelen før ventilasjonen fungerer godt nok.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Viftene stansar automatisk

Då folk under brannen i Gudvangatunnelen tok ut brannsløkkingsapparat frå skåpa i tunnelen stansa viftene automatisk. Dermed tok det veldig lang tid før røyken trekte ut.

– Med 0,8 meter i sekundet tok det tre timar å presse ut røyken etter at brannen var sløkt. Med seks meter i sekundet ville det ha teke 25 minutt. I tillegg ville oksygeninnhaldet i tunnelen ha vore mykje høgare, det hadde vore lettare for folk å kome seg ut, og vi som brannmannskap hadde hatt heilt andre arbeidstilhøve.

Difor meiner brannsjef Arvid Gilje at det for ettertida ikkje må vere slik at viftene blir slegne av automatisk når nokon tek ut eit brannsløkkingsapparat.

Grete Faremo

KJEM FOR Å TAKKE: Justisminister Grete Faremo kjem til Aurland torsdag.

Foto: NRK / Helge Carlsen

– Rører meg at Faremo kjem

Det har vore mykje virak rundt brannsjefen i Aurland den siste veka. Han har snakka med statsministeren, og torsdag kjem justisminister Grete Faremo til Aurland for å heidre dei som sytte for at det ikkje gjekk menneskeliv tapt i brannen sist måndag.

– Det rører meg godt at justisministeren kjem personleg for å takke. Eg vil gjerne ha ein prat med henne på tomannshand. Eg skulle gjerne ha møtt eigaren av tunnelen, samferdselsministeren, også, seier Gilje.

For brannsjefen har mykje å fortelje dei som sit med ansvaret for vegnettet i landet. Mellom anna kunne han ha tentkt seg å seie noko om eit overvakingssystem som ikkje fungerer i Lærdalstunnelen.

Tunsafe fotograferer bilane når dei køyrer inn og ut av tunnelen, men i lang tid har ikkje dette systement fungert.