NRK Meny
Normal

Opnar huset for morgonsendinga til NRK

Torsdag morgon blir det eit litt spesiell morgonsending i NRK Sogn og Fjordane. Vi skal nemleg sende direkte frå kjøkkenet til storebror Bø i Stryn.

Morgonsendinga frå Stryn

GLER SEG: Programleiarane Stian Sjursen Takle og Tone Lin Støfring Skovro (til venstre) har fått låne kjøkkenet til Marthe, Rasmus, Marthe og Mathea Holien Bø.

Foto: Privat

Det er familien Holien Bø som har opna heimen sin for sendeutstyr og programleiarane Tone Lin Støfring Skovro og Stian Sjursen Takle i NRK Sogn og Fjordane.

– Familien veit ikkje kva slags gjester som skal fylle huset deira med mellom klokka 6–9. Det skal vere ei overrasking. Men mor og far har fått beskjed om å ikkje sette på vekkarklokka og heller ikkje stresse med frukost, fortel Tone Lin og Stian.

Familien består av Rasmus, Marthe, Mathea og Anna– og den lodne katten som likar seg best i sofaen.

– Vi skal syte for at familien kjem seg på jobb og skule i tide, og at dei ikkje går svoltne ut av huset. Det blir dessutan masse god underhaldning, og ikkje minst fleire overraskingar for heile familien, lovar programleiarane.

Storebror til Bø-brørne

For familien er det ein ekstra spennande dag for den idrettsinteresserte familien, for Rasmus er storebror til Tarjei og Johannes som skal i elden i OL i Pyeongchang på 20 km seinare på dagen.

For dei to yngste er det stas å ha onklar som skal vere med på OL. Men Anna på 6 år har to tenner som er lause. Så kan dei ramle ut i løpet av morgonsendinga? Ho er også spent på om ho klarer å svare på vanskelege spørsmål, som kva ho gjer om morgonen. Men storesøster Mathea på 8 år har gitt veslesøstera eit godt råd.

– Vi skal berre late som om dei ikkje er i huset. seier ho.

Gler seg

I sjølve morgonsendinga går også langrennsdamene 10 km friteknikk og det skal familien følgje med på, og har håp om at Ingvild Flugstad Østberg skal ta gull.

– Vi følgjer løpet og heiar på gull! Alle er spente og gler seg til morgonsending frå Stryn.

Her kan du høyre morgonsendinga direkte frå kl. 06:03. Du kan også høyre oss på NRK P1 Sogn og Fjordane på DAB-radioen din.