NRK Meny

Opnar fv. 92 i Vik

Fylkesveg 92 ved Eitreneset mellom Vik og Arnafjord er no open for trafikk. Vegen har vore stengd sidan i går. Ein geolog har no vore på staden og vurdert det som trygt å opne. Riksveg 13 Vikafjellet er framleis stengd etter snøras. Her blir det gjort ei ny vurdering kl. 15.