NRK Meny
Normal

Opnar for styrt trafikk gjennom brannherja tunnel frå måndag

Det blir no jobba døgnet rundt for å klare å opne Fjærlandstunnelen igjen for styrt trafikkavvikling alt frå komande måndag.

Vegstenging i Fjærlandstunnelen etter brannen

LAUST FJELL MÅ NED: Utpå dagen veit Statens vegvesen meir sikkert kor lang tid det tek å gjere Fjærlandstunnelen klar for trafikk.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Men ein må rekne med opp imot tre timar stenging eit par dagar ut i neste veke, men det kjem vi tilbake til når vi har fått litt meir oversikt over til dømes bussrutene i området, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden.

Ut i neste veke vil det bli kortare stengingar på om lag 20 minuttar, og det vil bli køyrd kolonne gjennom tunnelen.

Det som i første rekkje blir gjort er å reinske og rydde, ta ned det elektriske anlegget som er skadd og ta ned fjell som er sprekt opp i taket.

– Det som er laust må ned før vi kan ha alt for mykje aktivitet inne i tunnelen.

Greitt på omkøyringsveg

Bilferja Ivar Aasen - Hella ferjekai

TOK UNNA: Ferjene på Hella-Dragsvik hadde god nok kapasitet til å ta unna trafikken tysdag.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Finden seier at trafikken på omkøyringa via Hella-Dragsvik og Vadheim så langt har gått greitt.

– Vi var litt spente på om det var god nok kapasitet på ferjesambandet Hella-Dragsvik, men rapportane vi fekk i går tyder på at ingen bilar stod att. Eg har snakka med ferjemannskapet i natt, og dei fortel at det har vore lite trafikk i natt.

Hektisk tysdag

Men ferjebillettør Arne Monslaup kan fortelje om ein uvanleg hektisk tysdag.

– Det var første yrkedag etter påske og ein god del tungtransport, og så kom det ein god del personbilar etter kvart. Så det var temmeleg hektisk, ja. Men det var berre på eit par turar at bilar måtte stå igjen.

Han reknar med litt mindre tungtrafikk i dag enn på tysdag.

Normalt er det ikkje nattferje på Hella-Dragsvik, men natt til onsdag gjekk ferja. Ferjebillettør Amalie Balevik seier at det ikkje var særleg stor trafikk.

– Det gjekk veldig bra, vi er ganske fleksible. Og trafikantane er stort sett blide, ein del av dei spør oss korleis trafikken har vore. Det er hyggeleg at dei tenker på oss også.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.