Opnar for kolonnekøyring

Riksveg 13 over Vikafjellet blir opna for kolonnekøyring klokka 08. Vegen her har vore stengd på grunn av uvêr og oppryddingsarbeid, og på grunn av smal vegbane blir det no kolonnekøyring i første omgang. Vegvesenet opplyser at det er greitt vêr på fjellovergangen, og at det er venta at vegen opnar for fri ferdsle i 10-tida når vegen er brøytt opp til normal breidde.