Hopp til innhold

Han har skote sjiraff med pil og boge i Afrika - no kan han kanskje skyta hjort i Norge

Det kan bli lovleg med jakt med pil og boge i Norge. I september skal det truleg gjennomførast eit forsøk på Norsk Hjortesenter på Svanøy der dei skal ta livet av eit 30-tals hjort med både piler og rifle.

Aun Egil Vikør

JAKT PÅ HEIMLEGE TRAKTER? Aun Egil Vikør har skote ein sjiraff på 1,8 tonn med pil og boge. No håpar han at han snart kan skyta blant anna hjort i norske skogar.

Foto: Privat / John Øystein Berg

Direktoratet for Naturforvaltning (DN) ønskjer å sjå nærmare på om jaktpiler har den same effekten som riflekuler når vilt skal fellast.

Bogejakt er veldig populært, og lovleg, i mange land, men i Norge har DN vore meir tilbakehalde. No er dei i ferd med å snu.

– For å evaluera dette spørsmålet krevst det at me feller storvilt under kontrollerte forhold, med både rifle og boge. Då er det mogleg å samanlikna kva for effekt dei to våpentypane har når det gjeld å avliva vilt, seier seksjonssjef Roar Skuterud i DN til direktoratet sine heimesider.

– Me har god tru på at me no får ei prøveordning for jakt med pil og boge, seier Aun Egil Vikør, nestleiar i Norges Buejegerforbund.

Skal bedøvast

Hjorten slapper av
Foto: Elin Nisjaløkk

Norges Buejegerforbund, saman med Norges Bondelag, Norges Skogeigarforbund, NORSKOG og Norges Jeger- og Fiskerforbund, fremja i 2011 eit forslag om ein prøveordning med bogejakt på ulike viltartar.

DN spurde Miljøverndepartementet om å få ei prøveordning på tre år med bogejakt, men departementet ønskte meir dokumentasjon om korleis dyrevelferda vert ivareteken med ei slik jaktform.

No skal det gjerast forsøk på nettopp dette, og dei skal gjennomførast på Norsk Hjortesenter på Svanøy i Sogn og Fjordane. Før dei kan setja i gang treng dei eit løyve frå forsøksdyrutvalet.

– Det som er planlagd i første omgang er å bedøva nokre dyr og avliva ein del av dei med vanleg rifle og ein del av dei med pil og boge. Då vil refleksar, dødstidspunkt og slike ting bli grundig registrert og overvaka, seier Johan Trygve Solheim, dagleg leiar ved Norsk Hjortesenter.

– Då vil me finna ut om det er vesentlege forskjellar som hindrar ein i å gå vidare med forsøket og gjera det med eit dyr som ikkje er bedøvd.

(Artikkelen held fram under biletet)

Johan Trygve Solheim

HJORTEEKSPERT: Johan Trygve Solheim er dagleg leiar ved Norsk Hjortesenter på Svanøy. Dei har over 250 hjort, både tamme og ville.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Kan henda eg får sjokk og må avbryta

I tillegg skal dei, dersom den første delen bli vellukka, gjera forsøk på ville dyr på Svanøy.

– Dei er under kontrollerte vilkår, men dei går fritt slik at dei har eit anna reaksjonsmønster. Det kan tenkjast at dei resultata me dokumenterer vil bli litt annleis enn når du har eit dyr som er vilt og ikkje vand med menneske i nærleiken, seier Solheim.

Norsk Hjortesenter på Svanøy

NORSK HJORTESENTER: På Svanøy.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Forsøka på Svanøy er fase éin i prosjektet. Om det blir vellukka, kan ein gå vidare til fase to, som blir å opna for ein prøveperiode med bogejakt.

– Eg er heilt open til korleis dette kjem til å gå. Det kan vera eg får sjokk når me har avliva dei første dyra og må avbryta forsøket. Det kan også hende at det er so effektivt at me kan tilrå at det er forsvarleg.

– Til slutt er det myndigheitene som skal avgjera om dei skal opne for ei prøveordning eller ikkje.

Buejegerforbundet trur på godkjenning

Aun Egil Vikør

HAR GOD TRU: Aun Egil Vikør, nestleiar i Norges Buejegerforbund.

Foto: privat

Aun Egil Vikør, nestleiar i Norges Buejegerforbund, har god tru på at det no kan jaktast med pil og boge i Norge. Sjølv er han aktiv bogejeger og har skote mellom 50 og 60 dyr i utlandet med pil og boge. Det største dyret han har skote var ein sjiraff på 1,8 tonn.

– Me er rimeleg overbeviste om at forsøket fører til at det blir lovleg med bogejakt i Norge.

Når ein jaktar med pil og boge vert det mykje meir utfordrande vera jeger. Maksgrensa for kor langt ein kan vera frå dyret når ein skyt varierer på mellom 30 og 35 meter.

– Det er mykje vanskelegare å koma nærme nok enn i vanleg jakt. Ein er langt innanfor dyret si komfortsone, og alle sansane er verkeleg på høggir. Du skal ikkje laga mykje bevegelsar før du blir oppdaga. Det utfordrar deg sjølv som jeger på ein veldig sterk måte, seier Vikør.

Mange reglar

Det er mellom 700 og 800 aktive medlemmer i Norges Buejegerforbund. Men det er ikkje berre å gå ut i hagen å spikka seg eit våpen, slik ein gjerne gjorde når ein var liten.

– Ein må den vanlege jegerprøva, og i tillegg må ein ha eit tilleggskurs som bogeskyttar. Det er regelverk for kva boge ein må ha, kva for piler ein kan bruka, korleis vinkelen er i forhold til dyret ein skal skyta og so vidare, seier Vikør.

Solheim ved Norsk Hjortesenter har undersøkt litt om bogejakt etter dei fekk oppdraget.

– Dei pilene dei brukar får ei stor kraft, so at pila går tvers gjennom ein hjort eller ein elg er heilt vanleg.