Hopp til innhold

Opnar for Fiskå Mølle

Kommunestyret i Gloppen godkjende i går reguleringsplanen som opnar for det omstridde industribygget Fiskå Mølle ynskjer å byggje på Sandane.

Fiskå Mølle på Sandane

Naboar til industritomta trugar med å flytte om Fiskå Mølle får byggje slik dei vil. Dei fryktar at fôrprodusenten kjem til å lage for mykje støy, og at det planlagde bygget vil vere skjemmande.

Reguleringsplanen vart vedteken mot åtte røyster.

 Ikkje støy om natta

Kommunestyret vedtok å ta inn i reguleringsforskriftene at det ikkje skal vere støyande aktivitet, til dømes lossing av grabb-båt i reguleringsområdet frå laurdagar kl 18 til måndagar kl 06.30, og mellom kl 22.30 og 06.30 resten av veka.