Hopp til innhold

Opnar for bompenge-løysing

– Det hastar slik med å få utbetra fv. 57 frå Dale til Osen at bompengar er naudsynt. 50 kroner må kunne godtakast.

Kjettingføre på riksveg 57

SMALT OG SVINGETE: Fylkesveg 57 frå Dale til Osen.

Foto: Simon Solheim / NRK

Arve Helle, ordførar i Fjaler kommune.

VIL DRØFTE BOMPENGAR: Ordførar Arve Helle i Fjaler.

Foto: Privat

Det meiner Fjaler-ordførar Arve Helle (Ap).

Han fryktar at det vil gå 15-20 år før den smale vegen innetter Dalsfjorden blir utbetra.

– Dersom vilkåra for bompengar er til stades, er eg klar for å gå for det, seier Helle til Firda.

Sa nei i Nordfjord

Ordføraren tek dermed til orde for ei liknande løysing som det politikarane i Stryn tidlegare i år sa nei til. Der stemte kommunestyret imot bompengeløysing for å få framskunda utebringa av fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik.

Bompengar har også vore tema for å få realisert kystvegen Florø - Måløy, og ein eventuell Førde-pakke på E39.

Men vegen frå Dale til Osen i Gaular er så dårleg at ein ikkje kan vente på offentleg finansiering meiner Helle.

(Artikkelen held fram under katet.)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Trur ikkje bompengar skremmer

Ordføraren viser til at Dalsfjordbrua som opna i 2012 truleg vil føre med seg trafikkauke langs strekningen som mange alt i dag brukar til jobbpendling. Med brua på plass, ventar Helle at også askvollingar køyrer om Dalsfjorden.

– Bompengar vil kanskje få enkelte til å velje andre ruter, men neppe mange, seier han til Firda.

– Må vere villige til å betale litt

Utan bompengar må oppgraderinga av vegen vente på tur. Fylkespolitikarane har prioritert Dalsfjordbrua, Bremanger II, Olden-Innvik og Hornindal-Møre på plassane framfor fylkesveg 57.

Då kan 50 kroner i bompengar vere ei løysing, trur Helle.

– Skal vi få fortgang i dette, må vi vere villige til å betale litt sjølve, seier han til avisa.

Helle understrekar at bompengeforslaget førebels berre er eit personleg ytring, men at han vil jobbe for å få forslaget inn i Fjaler Ap sitt program.

(Artikkelen held fram under avrøystinga.)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Berre to bomvegar att

Etter at Naustdalstunnelen og Fjærlandsvegen i løpet av 2010 etter tur er nedbetalte og bomstasjonane avvikla, er det berre to bomvegar att i Sogn og Fjordane - begge i Sogn.

På ferjesambandet Lavik - Oppedal blir det kravd inn pengar for Bogstunnelen på E39, mens Fatlatunnelen på rv. 5 mellom Sogndal og Leikanger har autopass-ordning.

Bompengefinansieringa av Manheller - Fodnes, kravd inn på ferjebilleten, var nedbetalt for eit par år sidan.