Hopp til innhold

Opnar for avgrensa rypejakt

Fleire grunneigarlag i Sogn opnar berre for avgrensa jakt eller fredar rypa heilt også i år.

Rypejakt

AVGRENSA JAKT: I Sogn er rypebestanden fleire stader for liten til at dei vil opne for fri jakt.

Foto: Erik Veigård / Scanpix

– Vi opnar for avgrensa jakt, for innbyggarane i Leikanger, med øvre grense på to fuglar per dag per jeger. Det seier Jakob H. Holen, som er leiar i Systrond Grunneigarlag i Leikanger.

Tidlegare år har også dei freda, men i år er rypebestanden stor nok til at dei vil opne for jakt igjen. Men då med såkalla «bag-limit» ei øvre grense på to fuglar per jeger per dag.

– Det gjer vi for avgrense jaktpresset hjå oss, med tanke på at mange rundt oss ikkje opnar for jakt i år i det heile.

For trass i oppløftande meldingar frå takseringane tidlegare i år, fleire grunneigarlag i Sogn opnar ikkje for jakt i det heile denne sesongen.

(SAKA HELD FRAM UNDER VIDEOEN)

Sommaren har vist at det er mykje ryper i fjellet - og store kull.

I Sogndal, nabokommunen til Leikanger er Fagereggi blant grunneigarlaga som ikkje opnar for jakt i år heller.

Lite fugl

– Hjå oss er det ikkje noko merkbart meir fugl i år. Det seier Sigurd Olav Gurvin, som er leiar for Fagereggi Utmarkslag.

– Vi ser nesten ikkje fugl i fjellet i det heile. Så vi har bestemt oss for å halde stengt for å prøve å få opp igjen bestanden.

Utmarkslaget har hatt stengt for jakt i fleire år tidlegare, men opna for avgrensa jakt i fjor. I år blir det altså stengt igjen.

Rype i fjellet

IKKJE MANGE NOK: Fleire stader i Sogn er det sett lite rype, trass i oppløftande teljingar andre stader i fylket.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Bestanden har ikkje auka noko merkbart, men det er no eit håp om at vi skal kunne få opp att ein bestand som det går an å jakte på.

Også Rambæra i Vik er blant dei som ikkje opnar for jakt i år. Harald Stadheim i Rambæra utmarkslag seier det er sett lite fugl i sommar, og at dei fredar for å vere på den sikre sida.

– Skulle det vere feil er det betre å ha freda ein gong for mykje enn ein gong for lite.

Må leve avgrensingar lenge

I Leikanger trur Holen at «bag-limits» og strenge avgrensingar er kome for å bli i lang tid framover.

– Det er noko eg trur vi må leve med. Med det jaktpresset som vi har i området vårt, og med talet på jegerar som går i dette området, så ser eg ikkje vekk frå at dette blir ei permanent løysing.