Hopp til innhold

Opnar for tvangssamanslåing av høgskular

Venstre ser ikkje bort frå å bruke tvang for å slå saman høgskular.

Sveinung Rotevatn

UTELUKKAR IKKJE TVANG: Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Dermed er det truleg fleirtal på Stortinget for å tvinge dei høgskulane som ønskjer å vere sjølvstendige til å bli innlemma i store universitet eller høgskular.

Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V) ser helst at det heile skjer friviljug, men han utelukkar ikkje tvang.

– Det er Stortinget som er eigar av universiteta og høgskulane, så vi kan ikkje utelukke at Stortinget kan styre strukturar innan universitet- og høgskulesektoren.

Utdanningsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) er klar på at han ønskjer større og meir robuste fagmiljø innan høgare utdanning og forsking. Han har bede høgskulane avgjere kven dei vil slå seg saman med, og om nødvendig ønskjer han samanslåing med tvang.

Anne Tingelstad Wøien

– HÅPLAUST: Stortingsrepresentant Anne Thingelstad Wøien (Sp).

Foto: Svein Erik Dahl

– Vil danne mønster

Med Venstre med på laget ser det no ut som om den blå regjeringa har sikra fleirtal for ei slik line. Anne Thingelstad Wøien, som er Senterpartiet si utdanningspolitiske talskvinne på Stortinget, er provosert.

– Det synest eg er ganske håplaust, rett og slett. Eg trur det vil danne eit mønster for alle dei andre strukturreformene som dei no legg opp til, både når det gjeld kommunar, politi, skatt og så vidare.

Stansa resolusjon om høgskule

På fylkesårsmøtet i Venstre nyleg vart eit resolusjonsforslag om å støtte Høgskulen i Sogn og Fjordane som eiga eining forkasta før avrøysting i plenum. Rotevatn meiner det er best om høgskulane sjølve avgjer om dei vil slå seg saman med nokon.

Samstundes utelukkar han ikkje at Stortinget kan overprøve denne type avgjerder.

– Så eg skal ikkje utelukke noko før den prosessen er i mål på Stortinget.

Høgskulen i Sogn og Fjordane er ein av høgskulane som har sagt klart frå at dei ønskjer å stå åleine. Thingelstad Wøien fryktar no at høgskulen likevel blir tvinga i kne med Rotevatn sine utsegner.

– Det betyr at dei ønskjer tvangssamanslåing så lenge dei opnar for det. Hadde han vore mot det så ville Rotevatn ha sagt tydeleg at dei ikkje ønskjer tvangssamanslåing. Punktum. Og hadde han i så fall fått med seg Kristeleg Folkeparti på det så hadde det ikkje vore snakk om tvangssamanslåing.