Hopp til innhold

Opnar for å sikre fjellet

Regjeringa set samfunnsnytten framfor vern, og Aurland kommune er eitt steg nærmare sikring av det rasfarlege fjellpartiet

Det ustabile fjellpartiet Joasete
Foto: Torje Bjellaas / NRK

I statsråd fredag opna regjeringa for at Aurland kommune kan søkje om konsesjon til ei omfattande drenering, som skal stabilisere det rasfarlege fjellpartiet Joasete ved Aurlandsfjorden.

Men utbygginga kjem i konflikt med Verneplan III for vassdrag .

Stor samfunnsnytte

Utbygginga inneber blant anna inngrep i elva Gudmedøla som ligg i det verna Flåmsvassdraget. Men samferdsleminister Liv Signe Navarsete meiner samfunnsnytten må gå framfor vern.

- Den samfunnsnytten som ligg i å redusere skredfaren er stor. Vi må vurdere alle aktuelle tiltak som kan redusere skredfaren, seier ho.

Navarsete trur ikkje saka blir stoppa politisk.

- Eg vil sjå den regjeringa som avslår ein konsesjon viss handsaminga viser at ei utbygging vil føre til at eit fjellparti som er i rørsle mot fjorden vert stabilisert, seier ho.

Letta over avgjerda

Ordførar Olav Ellingsen er letta over avgjerda til regjeringa.

- Dette har vi venta på, og eg trur det blir godt motteke i Aurland, seier Ellingsen.

Sprekker i fjellet Stampa i Aurland.
Foto: Aurland kommune.

Fjellpartiet Joasete har breie sprekker og er i rørsle mot Aurlandsfjorden. På det meste har sprekkene utvida seg fire centimeter på eitt år.

Ei ny undersøkjing frå Norges Geotekniske Institutt (NGI) syner at dersom fjellet rasar ut kan det skape ei flodbølgje på 80 meter .

Kraftutbygging sikrar fjellet

Aurland kommune og kraftselskapet ECO sender no ein konsesjonssøknad til NVE. Kraftselskapet vil nytte dei store vassmengdene i kraftproduksjon .

Navarsete seier ei konsesjonshandsaming vil få fram viktige fakta.

- Samstundes får ein på bordet kva konsekvensar det vil ha for området og dei verneverdiane som ligg i Flåmsvassdraget. Det er ei viktig avgjerd som passerer statsråd i dag, seier Navarsete.