– Om alt går etter planen vil vi opne klokka 11 laurdag føremiddag. Det er litt uventa at vi kan opne så raskt. Arbeidet har ein gått del greiare enn vi venta på førehand, seier byggeleiar i Statens vegvesen Rune Dvergsdal.
Stamvegen mellom Oslo og Bergen har vore stengd sidan tysdag ettermiddag, då eit ras på fleire tusen kubikkmeter øydela europavegen i Gudvangen. Vegstenginga har ført til lange køar på omkøyringsvegane, Dvergsdal seier det også vil bli noko venting når vegen gjennom Gudvangen opnar att.
– No i helga vil begge felta vere opne, men så stenger vi eit av dei over helga. Då skal vi til med ein større ryddejobb, så då vil det nok bli noko redusert hastigheit og litt ventetid.
To veker
Sjølv om stamvegen opnar etter raset no i helga vil det truleg ta noko tid før alt er tilbake til det normale og Statens vegvesen oppmodar i ei pressemelding bilistar om å rekne litt lengre tid på strekninga. Dvergsdal fortel at det kan vere snakk om to veker.
– Det er litt ferietid når det gjeld rekkverk og asfalt no, så det tar nok fort ein fjorten dagar iallfall før vegen er tilbake i normal stand. Ein bør nok rekne litt lengre tid på strekninga, men det bør ikkje vere snakk om store forseinkingar.
Fryktar ikkje nye ras
Før oppryddinga av vegbana kunne starte torsdag føremiddag, måtte fjellsida over rasstaden sikrast, då ein frykta at fleire hundre kubikkmeter stein som låg att i fjellsida kunne rase ned. Dvergsdal seier at den frykta no er over.
– Når ein ser på ura der, så ser ein at der har det nok gått ras i 1000 år, men vi fryktar ikkje at det skal kome ned noko meir no.
- Les også:
Dette er omkøyringsvegane
Fram til vegen vert opna må trafikantane nytte omkøyringsvegane.
- Trafikk i retning sør-nord bør nytte E39 over Lavik–Oppedal. Ein kan også nytte Hella–Vangsnes, men her er kapasiteten noko mindre og det har tidvis vore noko ventetid.
- For trafikantar som skal aust-vest er det skilta omkøyring via rv. 7 over Hardangervidda, E134 over Haukelifjell eller rv. 13 over Vikafjellet.
- Ferjesambandet Hella-Vangsnes vil også i dag ha ekstra ferjeavgangar og trafikkdirigering på kaiane.