NRK Meny
Normal

Opnar E16 gjennom Gudvangen på laurdag

E16 gjennom Gudvangen i Aurland er venta å opne att laurdag klokka 11. Hovudfartsåra mellom Aust- og Vestlandet har vore stengd sidan tysdag på grunn av eit steinras.

Store skader på E16 i Gudvangen etter steinraset

VENTETID: Sjølv om europavegen i Gudvangen opnar laurdag morgon, vil bilistar måtte rekne noko ventetid på strekninga fram til ryddearbeidet er ferdig.

Foto: Roy Viktor Ohnstad/Opedal Drift As

– Om alt går etter planen vil vi opne klokka 11 laurdag føremiddag. Det er litt uventa at vi kan opne så raskt. Arbeidet har ein gått del greiare enn vi venta på førehand, seier byggeleiar i Statens vegvesen Rune Dvergsdal.

Stamvegen mellom Oslo og Bergen har vore stengd sidan tysdag ettermiddag, då eit ras på fleire tusen kubikkmeter øydela europavegen i Gudvangen. Vegstenginga har ført til lange køar på omkøyringsvegane, Dvergsdal seier det også vil bli noko venting når vegen gjennom Gudvangen opnar att.

– No i helga vil begge felta vere opne, men så stenger vi eit av dei over helga. Då skal vi til med ein større ryddejobb, så då vil det nok bli noko redusert hastigheit og litt ventetid.

E16 mellom Gudvangen og Voss er stengd av eit steinras. Foto: NRK-tipsar

MIDT I RASET: Slik såg vegbana langs E16 i Gudvangen ut etter raset tysdag ettermiddag.

To veker

Sjølv om stamvegen opnar etter raset no i helga vil det truleg ta noko tid før alt er tilbake til det normale og Statens vegvesen oppmodar i ei pressemelding bilistar om å rekne litt lengre tid på strekninga. Dvergsdal fortel at det kan vere snakk om to veker.

– Det er litt ferietid når det gjeld rekkverk og asfalt no, så det tar nok fort ein fjorten dagar iallfall før vegen er tilbake i normal stand. Ein bør nok rekne litt lengre tid på strekninga, men det bør ikkje vere snakk om store forseinkingar.

Foto: Ole Martin Gilbu

HER GÅR RASET: Ole Martin Gilbu filma dramatikken då enorme steinblokker tora ned mot europavegen i Gudvangen

Fryktar ikkje nye ras

Før oppryddinga av vegbana kunne starte torsdag føremiddag, måtte fjellsida over rasstaden sikrast, då ein frykta at fleire hundre kubikkmeter stein som låg att i fjellsida kunne rase ned. Dvergsdal seier at den frykta no er over.

– Når ein ser på ura der, så ser ein at der har det nok gått ras i 1000 år, men vi fryktar ikkje at det skal kome ned noko meir no.

Dette er omkøyringsvegane

Fram til vegen vert opna må trafikantane nytte omkøyringsvegane.

  • Trafikk i retning sør-nord bør nytte E39 over Lavik–Oppedal. Ein kan også nytte Hella–Vangsnes, men her er kapasiteten noko mindre og det har tidvis vore noko ventetid.
  • For trafikantar som skal aust-vest er det skilta omkøyring via rv. 7 over Hardangervidda, E134 over Haukelifjell eller rv. 13 over Vikafjellet.
  • Ferjesambandet Hella-Vangsnes vil også i dag ha ekstra ferjeavgangar og trafikkdirigering på kaiane.
Store skader på E16 i Gudvangen etter steinraset
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.