Hopp til innhold

Opnar dørene trass fulle senger

Det er heilt fullt på Krisesenteret i Sogn og Fjordane før fellesferien startar.

Krisesenteret i Florø

FLITTIG BRUKT: Leikerommet på krisesenteret vert flittig brukt av barna som kjem. Og det er venta at sommaren vert travel på huset.

Foto: NRK

Det har vore eit hektisk år, og vi har drive med overfylt hus lenge. Det har vore heilt sprengt hos oss, seier dagleg leiar på Krisesenteret i Sogn og Fjordane, Wenche Hovland.

I juli startar fellesferien for fullt, og det er vanleg at presset på senteret tek seg opp utover sommaren.

Avviser ingen trass dårleg plass

Wenche Hovland

AVVISER INGEN: Dagleg leiar ved Krisesenteret i Sogn og Fjordane, Wenche Hovland, seier dei ikkje vil avvise nokon som treng hjelp i løpet av sommaren.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vi avviser ingen likevel. Vi ryddar og ryddar slik at alle skal få ein plass, og tek i bruk alle moglege ledige rom og senger.

Krisesenteret hadde i fjor 47 kvinner og 39 barn buande hos seg i løpet av året.

Det er mange som treng vern og hjelp, og i år har vi hatt svært mange kvinner og barn her. Eg har ikkje summert opp tala enno, men det er snakk om opp mot 50 barn berre på eit halvt år. Det er klart det er mykje, seier Hovland.

Og det er fleire utanlandske kvinner no enn tidlegare som tek kontakt og som treng hjelp.

Over halvparten er kvinner frå utlandet

– Ja, det ser vi heilt klart. I fjor var nesten 65 prosent av dei som budde hos oss kvinner med utanlandsk opphav, fortel Hovland.

I tillegg til å huse kvinner og barn, kjem det i snitt 300 innom senteret på dagbesøk i løpet av eit år.

Vi ser at valden vert grovare og sakene vi handterer er verre enn tidlegare. Det er snakk om drapstrugslar, forfølging, og det er fleire som må ha valdsalarm, seier Hovland.

Politiet er også oftare kopla inn i sakene senteret arbeider med.

– Dei er blitt veldig flinke til å ta desse sakene på alvor, og vi har eit svært godt samarbeid med dei. Og opplever at dei prioriterer saker som handlar om familievald.

Færre flyttar tilbake til valden

Tal frå i fjor viser at stadig færre av dei som oppsøkjer eit krisesenter med barn reiser attende til valdsutøvaren. i 2014 reiste 17 prosent tilbake, medan det i 2008 var 28 prosent som valde å flytte heim att til den som utøvde valden.