Hopp til innhold

Opnar døra til sjakkverda

FØRDE (NRK): Nicholas (9) vil bli best i landet i sjakk. Ved hjelp av Skype får han same mogelegheiter som alle andre, sjølv om han bur ein plass utan tilgang på dei beste lærarane.

Nicholas Mo Sandøy får undervisning på skype

KONSENTRERT: Nicholas Mo Sandøy løyser sjakkoppgåvene læraren gjev på Skype.

Foto: Idunn Lavik / NRK

Blant fleire pokalar på datarommet i Jølster, sit ni år gamle Nicholas Mo Sandøy framfor PC-en. På skjermen er andletet til Abdullah Mohammed Muhseen.

– Korleis skal du beskytte løparen din, let det frå Muhseen.

Dei er i gang med økta for dagen. Nicholas driv med sjakk i staden for å gå på SFO. Kvar tysdag får han fem oppgåver frå trenaren som han lyt løyse før dei spelar eit parti.

Nicholas Mo Sandøy ser på pokalane sine

FLEIRE POKALAR: Nicholas har allereie vunne fleire pokalar, trass i at han har drive med sjakk i berre to år.

Foto: Idunn Lavik / NRK

Unge blir tidleg gode

Den teknologiske utviklinga kan vere ein av grunnane til at det veks fram fleire unge talent no.

– Før leste vi bøker, no kan vi sjå videoar og spele mot kvarandre på nettet, seier Bae, sjakkekspert i NRK.

Nicholas har spelt sjakk i knappe to år. Han vart brått interessert då far hans tok han med på ein sjakktur til Bergen.

– Eit veldig lovande talent, seier sjakkekspert Bae.

Manglande sjakkmiljø i distrikta

For Nicholas vart undervisninga over nett løysinga for å bli god. Trass i at Nicholas ikkje bur nær eit sjakkmiljø, er han blant topp ti på sin alder i Noreg.

– Sogn og fjordane har ikkje noko stort sjakkmiljø. Om han skal bli god treng han ein lærar som kan gje han motstand, seier mor Alice Sandøy.

Privatelevar frå heile verda

– Skal eg ta hesten, seier Nicholas med spørjande stemme.

– Ja, svarar Muhseen.

Nicholas og Muhseen møttest for fyrste gong på ei turnering på Sotra. Muhseen driv Bergen Chess Academy i lag med sambuaren. Han gjer det mogleg for dei unge på bygda å lære like mykje som dei i byane med eit sjakkmiljø.

Abdullah Mohammed Muhseen er sjakktrenar på nett

TRENAR PÅ SKYPE: Abdullah Mohammed Muhseen er sjakkinstruktør for unge over heile verda.

Foto: Abdullah Mohammed Muhseen / NRK

– Eg har rundt tjue privatelevar frå heile verda kvar veke, seier Musheen.

Han er landslagstrenar for juniorlandslaget og har den høgast moglege trenartittelen.

Nicholas Mo Sandøy ser på ein av pokalane sine

VIL BLI NORGESMEISTER: Nicholas ser på ein av pokalane han har vunne til no. Målet er å ein dag bli norgesmeister

Foto: Idunn Lavik / NRK

Verdsmeister som førebilete

Nicholas fortel at førebiletet hans er regjerande verdsmeister Magnus Carlsen, men sjølv har han ikkje mål om å bli det.

– Målet er å bli noregsmeister, ikkje verdsmeister. På turneringar har eg sikta mot å vinne, men viss eg har tapt har eg forstått at eg kan ikkje ha så høge mål for då blir eg berre sur, seier niåringen.

Nicholas Mo Sandøy og mor Alice Sandøy spelar sjakk sammen

SPELAR SAMAN: Mor trenar i lag med sonen Nicholas.

Foto: Idunn Lavik / NRK

Mor Alice Sandøy er glad for undervisninga sonen får, og håpar han held ved interessa inn i ungdomstida.

– Eg trur det kan hjelpe han med taktisk tenkning i framtida, seier ho.

Les også: Var så smart at han ble frarådet å starte med sjakk