Opnar delvis sørsidevegen til skulestart

Vegen på sørsida av Jølstravatnet vore stengd etter raset ved Årnes. No håpar Statens vegvesen å delvis kunne opne vegen for ferdsel til skulestart.

Ras Jølstravatnet

VIL OPNE: Vegen på sørsida av Jølstravatnet vart fullstendig dekka av jord etter raset.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Etter flaumen 30. juli gjekk det ras fleire stader i Jølster, Gloppen og Førde. På fylkesveg 451 på sørsida av Jølstravatnet gjekk det eit ras som gravla vegen. Sidan har han vore stengd. Det var i dette raset bilen og mannen som framleis er sakna vart teken.

Grunna omfattande oppryddingsarbeid og pågåande søk har det vore uvisst når vegen kunne opne for ferdsel. No ser det ut til å skje snarare enn venta.

Opnar i pendlartida

– Det er framleis mykje arbeid som står att, men planen og målet er å få opna no til skulane startar, seier avdelingsdirektør for vegavdelinga i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden.

Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden

MÅ SLEPPE GJENNOM: Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden, seier hovudtrafikken må få kome gjennom.

Foto: Rune Fossum / NRK

Skulestart er allerie måndag 19. august.

Berre delar av vegen vil bli opna i pendlartida slik at folk kan komme seg på skule og arbeid. Elles vil han vere stengd store delar av dagen grunna det pågåande arbeidet der.

Fram til no har det vore jobba med nennsam hand i oppryddingsarbeidet.

– Det vil framleis bli jobba forsiktig for å hindre meir ureining i vatnet, fortel Finden.

Skal halde fram med søk og rydding

Etter det vart gjort funn av det som ser ut til å vere bildelar førre veke, har politiet måtte setje vidare etterforsking på vent grunna dårleg sikt i vatnet.

Ras Jølster fv. 451

RYDDAR FRAMLEIS: Det vil framleis bli rydda og søkt i området.

Foto: Linda Olin Reite / NRK

Tidlegare uttala brannmann i Jølster, Bjørn Støfring at det ville komme til å ta vekevis før vegen ved Årnes blir opna att.

No ser Statens vegvesen seg naudsynte til å sleppe gjennom noko av trafikken.

– Vi må sleppe gjennom hovudtrafikken, men det er vanskeleg å seie når vegen blir heilt opna for fri ferdsel, seier Finden.