Hopp til innhold

Opna etter ti døgn: – Det har ikkje gått fort nok

Fabrikksjef Steinar Talle ved Norsun i Årdal skuldar Vegvesenet for å ha vore ineffektive i arbeidet med rydding- og sikring etter raset ved Finnsåstunnelen. – Vi har vore så effektive som kan, svarar Vegvesenet.

Fylkesveg 53 ved Finnsåstunnelen etter opning 14. januar 2018

OPNA: Hovudvegen inn til Årdal vart opna att søndag. Dei neste vekene vil der vere stengingar på dagtid medan det blir jobba med vidare sikringsarbeid.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit/Porten.no

Då fylkesveg 53 ved Finnsåstunnelen opna att søndag klokka 16, hadde hovudvegen inn til Årdal vore stengd i ti døgn.

– Det har vore mange dagar utan aktivitet, det er for ineffektivt, seier Talle som har over 200 personar i arbeid ved solcellebedrifta Norsun i Årdal.

I stengingsperioden har han fleire gonger uttrykt seg kritisk til framdrifta til Statens vegvesen. Den held han fast på.

– Det har ikkje gått fort nok. Eg er framleis kritisk til effektiviteten til Statens vegvesen, seier Talle.

– Mange dagar utan aktivitet

Om ettermiddagen torsdag 4. januar var det mange som prisa seg lukkelege for at ingen vart skadde då 2500 kubikk med stein- og lausmassar losna i fjellsida. Arbeidet med å sikre området og rydde vegen har vist seg å vere meir krevjande enn Vegvesenet først trudde, og opninga har blitt skubba ut i tid fleire gonger.

Først onsdag fekk Vegvesenet på plass eit stort nok helikopter til å starte med effektiv spyling av dei enorme mengdene med lause massar som låg att i fjellsida. Det vesle helikopteret dei først hadde på staden viste seg å ha ein for liten vasspose til å kunne spyle effektivt, seier Vegvesenet.

Steinar Talle ved Norsun meiner Vegvesenet i tida fram til dei fekk på plass eit stort nok helikopter kunne ha sendt reinskelaget opp i fjellsida for å jobbe.

– Det at dei hadde mange dagar utan aktivitet, det meiner eg er for ineffektivt.

Spyling i fjellsida over raset i Årdal

SPYLING: Det har blitt sleppt ned mange tusen liter vatn for å få vekk dei enorme mengdene med lausmasse som låg att etter raset. Ifølgje Vegvesenet har det kome ned ytterlegare 1000 kubikk med masse i samband med spylinga og fjellreinskinga.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Måtte setje tryggleiken først

Avdelingsdirektør Svenn Finden i Statens vegvesen forstår frustrasjonen som kan oppstå når hovudvegen blir stengt så lenge som ti dagar. Evalueringa dei har gjort internt går på at dei har jobba så effektivt som det let seg gjer, fortel han.

– Det å sende arbeidarane opp i fjellsida, før vi hadde fått oversikt frå helikopter, hadde ikkje vore forsvarleg. Vi hadde heller ikkje fått gjort noko effektivt arbeid med det vesle helikopteret, seier Finden.

Han legg til at det ved denne typen skred er vanskeleg å få full oversikt over kor lang tid vegen vil vere stengd.

Vegvesenet har heile tida hatt tett kontakt med kommunen. Ifølgje ordførar Arild Ingar Lægreid har han fått oppdateringar på situasjonen fleire gonger dagleg.

– Ti døgn med stenging er lenge, men det har i grunn gått greitt. Eg vil takke både alle som har jobba med å få vegen opna att, og alle som har sørga for at hjula har gått rundt i Årdal-samfunnet desse dagane, seier ordføraren.

Vegen klar for opning ved Finnsåstunnelen på fv. 53 i Årdal

SMAL KØYREBANE: Fylkesveg 53 ved Finnsåstunnelen blir i første omgang opna med lysregulering, der trafikken får gå i ei retning av gongen på grunn av innsnevra vegbane forbi rasområdet.

Foto: Bjørn Indrebø, Statens vegvesen