Hopp til innhold

Opna trygg skuleveg i Florø

2. oktober vart ein merkedag for mjuke trafikantar i den nyutnemnde sykkelbyen Florø. Då opna fylkesordførar Åshild Kjelsnes den nye gang- og sykkelvegen langs fv. 545 Kinnvegen og Thor Solbergvegen. – Endeleg er dagen her. Den dagen vi har venta på så utruleg lenge. Den dagen då vi endeleg kan seie at ein av dei mest trafikkerte skulevegane i Sogn og Fjordane er blitt trygg, med ein flott gang og sykkelveg, sa Kjelsnes.

Kjelsnes opnar sykkelveg i Florø
Foto: Ole Ingar Hagen Hæreid/Sogn og Fjordane fylkeskommune