NRK Meny
Normal

Opna topptursatsing nesten utan snø

Laurdag opna Jølster kommune fire splitter nye parkeringsplassar som skal nyttast når ein går på topptur. Og sjølv om det nesten ikkje er snø der i dag, håpar kommunen på å byggje opp topptur som ein merkevare for Jølster.

Laurdag opna Jølster kommune fire splitter nye parkeringsplassar som skal nyttast når ein går på topptur.

SATSING: Jølster kommune vil satse på topptur som ei merkevare for kommunen, og satsar tungt med å byggje fire nye parkeringsanlegg knytt til fire av dei mest populære fjelltoppane.

– Som ordførar likar eg å vise fram den fantastiske bygda mi. Og den beste utsikta over Jølstrabygda får ein frå fjelltoppane kring om i Jølster, skriv ordførar Oddmund Klakegg (Sp) i ei pressemelding i samband med opninga.

Mange byrjar for alvor å oppdage kommunen i indre Sunnfjord som eit ynda mål for fjellturar både sommar og vinter, og no håpar Klakegg at dei nye parkeringsplassane kan vere eit startskot for ei skikkeleg topptursatsing.

Det er knytt til dei fire fjella Olahansen, Tindefjellet, Steinegga og Grovabreen at kommunen no byggjer store parkeringsanlegg.

Dei fire fjella er blant dei mest populære skidestinasjonane i Jølster, og har blitt ynda skimål også for resten av regionen. I Jølster er det nemleg ofte meir snø enn i nabokommunane rundt. Laurdag var det likevel tynt med snø.

Topp dag for topptur

I samband med opninga arrangerte Indre Sunnfjord Turlag tur til Steinegga.

– Det er fantastisk å gå i så fin temperatur så tidleg på året, seier leiar i Indre Sunnfjord turlag Kjell Arne Hjellbrekke.

For jølstringane kunne ikkje vore meir heldige med vêret når dei skulle innvie den nye topptursatsinga. Einaste minuset er at den milde vinteren har ført til lite snø, i alle fall i låglandet.

– Akkurat i starten var det litt lite snø. Men det går an å få seg ein skitur sjølv om ikkje snøen ligg langs Jølstravatnet. Går du på dei rette fjelltoppane så går det veldig fint å gå på ski, seier Hjellbrekke

Åtte personar var med på turen til turlaget, i tillegg var det mange som nytta høvet til ein tur i eigen regi.

– Det er litt vanskeleg å få ut dei store mengdene når snøen ikkje ligg på bøane, men eg talde ein 10–12 i tillegg til oss. Nokre gjekk på føtene, og andre skulle på topptur, seier Hjellbrekke.

Evind Duus Molven og Daniel Martens Pedersen

TOPPTURENTUSIASTAR: Eivind Duus Molven og Daniel Martens Pedersen stogga i Jølster for å gå på topptur.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Til Jølster for å gå på ski

Jølster er etter kvart blitt kjent også utanfor fylket blant dei som likar å gå toppturar. For to studiekameratar på veg frå Bergen til Trondheim vart Jølster ein naturleg stoppestad under vegs.

– Eg tykkjer dette er eit veldig fint område å gå topptur i. Her er det bra snø, og det er lett tilgjengeleg, seier Daniel Martens Pedersen.

Drammensguten fekk smaken på toppturar då han gjekk på Nordfjord Folkehøgskule på Vereide i Gloppen. Han tykkjer topptursatsinga til Jølster kommune er ein god ide.

– Eg tykkjer det er kjempebra. Det vert lettare å gå på topptur, og å kome seg til dei fine fjella, seier Martens Pedersen.