Opna sandhall i 25 grader i Førde

Stemninga i den nyopna sandhallen i Førde minna om ein soldag på stranda i Brasil.

Sunnfjord Sandhall

40 CM: Det ligg 40 centimeter med sand i den nye hallen på heile bana.

Foto: Terje Vallestad

- Det var skikkeleg god stemning og veldig heitt inne, så det heile kunne minne om ein soldag på ei strand i Brasil, seier Sindre Roska i Førde volleyballklubb.

- Viktig steg

Sunnfjord sandhall

SANDHALL: Hallen er tidlegare kjend som produksjonslokale for Hellenes AS, lokalisert til sandtaket på Vie i Førde.

Foto: Terje Vallestad

Sunnfjord Folkehøgskule har teke initativ til hallen, men med på laget har dei både Førde Volleyballklubb og Førde idrettslag.

Og laurdag opna den nye sandhallen til Sunnfjord Folkehøgskule på Vie i Førde. Den skal brukast av skulen, men Førde volleyballklubb vil ha faste treningar i salen.

- Dette er eit viktig steg for volleyballen for å bli endå betre. Å trene i sand er veldig bra. At vi no har eit slikt tilbod i Sogn og Fjordane betyr også at spelarane kan bli her. Geir Eithun har flytta til Oslo for å kunne spele innandørs på sand. Men no kan vi altså gjere det også her, seier Roska.

Fordi sanden nettopp er lagt, var luftfuktigheita inne i sandhallen høg laurdag. Og temperaturen steig når hallen vart fyllt opp med spelarar og tilskodarar.

SJÅ VIDEO av verdsmeistrane Jan Kvalheim, Bjørn Maaseide,Guilherme Marques og Rogério «Para» Ferreira. Speaker er Arne Eithun

Opning av sandhallen på Vie i Førde med volleyballkamp og jublande publikum i 25 grader.

Video av Sunnfjord sandhall. Fotograf Kai Aage Pedersen.

Heitt i hallen

- Eg vil tru vi var oppe i 25 grader eller meir inne der ja. Men det vil nok regulere seg ned etterkvart som sanden tørkar, forklarer Roska.

Hallen er på heile 500 kvadratmeter og har 40 centimeter med sand.

– I fleire år har vi hatt utruleg mange volleyballelevar som har ønska å komme hit. Vi har også prøvd å ha fokus på beachvolleyball. Fram til no har vi ikkje greidd å fange det heilt, men dette har vore ein draum, seier rektor ved Sunnfjord Folkehøgskule, Jorunn Knapstad.

Verdsmeistrar opna det heile

Sunnfjord Sandall

MEISTRAR: Jan Kvalheim og Bjørn Maaseide kom saman med Guilherme Marques og Rogério «Para» Ferreira frå Brasil. Her med volleyballnestor Magne Hornes.

Foto: Terje Vallestad

Det var ikkje berre lokale volleyballspelarar som fekk vist seg fram i sanden laurdag.

Jan Kvalheim og Bjørn Maaseide, med mange EM-medaljar på 90-talet og verdsseriemeistrar i 1994 og 1995 kom saman med Guilherme Marques og Rogério «Para» Ferreira frå Brasil. Dei to utgjorde gullaget i VM i 1997.

Andre av sitt slag

Sunnfjord Sandhall

25 GRADER: Det vart heitt i sandhallen laurdag då fleire fekk testa ut formen på bana.

Foto: Terje Vallestad

Omlag 200 var inne for å teste og sjå den nye bana, og Roska har tru på at hallen vil bli brukt.

- Hallen er mogleg å leie for andre, og det er god trening uansett kva idrett ein driv.

Med ei takhøgde på 12 meter og undervarme er hallen i Førde, den andre av sitt slag i Norge.

Den første sandhallen av same sort opna i 2011 i Sand i Suldal kommune.