Hopp til innhold

No kan dei snakke med kvarandre utan at andre høyrer på

FLORØ (NRK): No kan alle naudetatane i Sogn og Fjordane snakke saman utan at utanforståande kan høyre på. I dag opna det nye naudnettet også for brannfolka her i fylket.

Terje Brandsøy og Håvard Stensvand

GODT NØGDE: Terje Brandsøy i alarmsentralen og fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand under opninga i Florø onsdag.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er ein stor dag for fylket og brannvesenet at vi har fått det nye naudnettet. Vi har skifta ut eit gamalt, analogt samband som ikkje alltid har fungert tilfredsstillande. Vi går no inn i ein ny epoke med eit nytt, digitalt nett med mykje betre dekning, seier leiar for alarmsentralen i Florø, Terje Brandsøy.

Han kunne i dag stolt invitere til kakefest og offisiell opning av det nye naudnettet også for brann- og redningsetaten i Sogn og Fjordane. Dermed er både helse, politi, brann og redning kopla på, og kan uforstyrra snakke med kvarandre når det er naudsynt.

– Det handlar om at ein no har fått eit verktøy som gjer brannvesenet mykje betre i stand til å gjere den jobben som handlar om å sløkke brannar og redde liv og helse, seier fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand.

Vil kome folk til gode

Han stod for den offisielle opninga på alarmsentralen i Florø i dag, og meiner at det nye naudnettet er noko som vil kome alle i fylke til gode.

– No er det rett å gratulere innbyggjarane i Sogn og Fjordane med at ein no har fått naudetatar som har teke steget inn i den moderne tida også sambandsmessig, seier Stensvand.

Nytt naudnett i Florø

NYTT NETT: Vaktoperatør Terje Birkeland har no teke i bruk det nye naudnettet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Betra beredskap

Brann- og redningsetaten er svært glade for at dei også no kan ta det nye verktøyet i bruk for fullt. Dette vil ha mykje å seie for den innsatsen dei kan gjere saman med dei andre naudetatane når ulukka er ute, meiner Terje Brandsøy.

– Folk vil merke dette på at hjelpemannskapa er betre førebudde når dei kjem fram til skadestaden og klare til å utøve rolla ein skal ha.

Dekkjer det meste

Det er bygd ut i alt 189 basestasjonar som skal sørge for at kommunikasjonen skal flyte godt dei aller fleste stadane i Sogn og Fjordane. Dette er direktør i Direktoratet for naudkommunikasjon, Gunnar Halden, svært nøgd med.

– Det er fantastisk å kome hit og oppleve det mottaket vi får her, og å sjå kor nøgde brukarane er. Det nye nettet er avlyttingssikkert og til beste for alle brukarane, seier Halden.