Nytt utstyr for mammografi er no på plass i nybygget til Førde sentralsjukehus.
– Det nye apparatet eg nytta ved undersøkinga er mindre vondt enn det gamle utstyret vi nytta, seier Inger Øren i ei pressemelding frå Helse Førde.
Ho var første brukar av den nye avdelinga og det nye utstyret til Helse Førde.
– Sjølv om Brystdiagnostisk senter framleis er litt uferdig så er dette eit stort steg framover. Dei gamle og tronge lokala var nedslitne, så dette er flott, seier Øren.
- Halvert stråledose
Seksjonsoverlege Inger-Marie Juel er godt nøgd.
- Det nye utstyret som er kome på plass – til beste for både brukarane og oss som jobbar her, er veldig bra. Det nye utstyret har ein stråledose på om lag halvparten av det gamle utstyret, påpeikar Juel.
– Heile mammografien går no elektronisk. Frå bilete er teke går det under 10 sekund før vi kan sjå dei på skjermen, før det blir overført til store sylskarpe dataskjermar. Alt kan no lagrast elektronisk og vi slepp framkalling av film. Tidlegare tok ei slik undersøking opp til 15 minutt før ein fekk sjå resultatet av bileta som vart tekne.
Fleire får hjelp
- Den tida vi no tener inn sørgjer for at vi kan ta inn fleire til mammografi. Tidlegare har vi måtta kalla inn att enkelte brukarar av screening for å ta nye bilete dersom dei ikkje har vore gode nok. Det seier seg sjølv at til dømes Inger Øren frå Øvre Årdal ikkje hadde sett pris på det, understrekar Inger Marie Juel.
Helse Førde har vore med i det nasjonale programmet for mammografi av kvinner mellom 50–69 år sidan 2003. Mammografiprogrammet rullerer i to-årsbolkar. I første runde deltok heile 82 prosent av kvinnene i Sogn og Fjordane, dette er beste fylkesvise resultat i heile landet. Brystdiagnostisk senter er no i gang med andre runde i mammografiprogrammet og Inger Marie Juel håper at oppmøtet held seg høgt.
Samarbeid med kirurgar
Brystdiagnostisk senter blir no lokalisert saman med kirurgar og patologi. Dette gjev ei heilskapleg og effektiv samkøyring av tilbodet no når patologi er fullt utbygd.
– Vi kan no effektivt ta vevsprøver dersom ein har trong for det – etter at vi har studert bileta av undersøkinga, seier Inger-Marie Juel i pressemeldinga.