Hopp til innhold

Opna med eit brak– no er dei spente på turistsesongen

Bygdefolket strøymde til Blix hotell i opningshelga. No ventar jobben med å lokke turistane attende.

Magne og Jorunn Åsfrid Røyrvik

SPENTE: Magne og Jorunn Åsfrid Røyrvik står bak gjenreisinga av Blix hotell. Bygda har fått møteplassen attende, men jobben med vinne tilbake posisjonen i turistmarknaden har så vidt byrja.

Fem år etter at forgjengaren vart totalskadd i ein brann, opna Blix hotell før helga dørene att. Bygda svarte med eit overveldande oppmøte, blomsterhelsingane og gratulasjonane stod i kø. Men den daglege leiaren forstår at den verkelege utfordringa står framfor dei.

– Det har vorte ei sanning i turistmarknaden at Vik er utan hotell. Så jobben med å få oss inn att på reiselivskartet vert temmeleg stor, seier Jorunn Åsfrid Røyrvik.

Vil nå ei brei kundegruppe

Likevel, for ein fersk hotellsjef er det rørande å sjå korleis bygda har støtta opp om satsinga. Etter brannen var mange redde for at det ikkje skulle bli bygd opp att. Røyrvik meiner oppmøtet og mottakinga viser kor mykje hotellet betyr for vikjene.

Brann ved Hopstock hotell

STOD I FLAMMAR: Hopstock hotell, forgjengaren til nyopna Blix hotell, brann ned i 2010.

Foto: Ingrid Elina Røyrvik

– Eit hotell skal vera ein naturleg møteplass i eit lokalsamfunn, noko me har vore utan i mange år. Det har stått som eit trasig byggverk midt i Vik sentrum, no har me pussa det opp og fått lys i huset. Det har vorte veldig godt motteke, seier ho.

Hotellsjefen seier dei vil gå breitt ut i jakta etter potensielle kundar.

– Me skal vera eit hotell for både bygdefolket og tilreisande, private og næringslivet. Men me må sjølvsagt jobba hardt for å utvida marknadane våre, seier ho.

Ser optimistisk på framtida

Røyrvik seier dei vil vere tolmodige og ikkje stresse om dei ikkje får overskot i drifta rett frå startblokka.

– Me skal læra mykje og er framleis i ein investeringsfase, for det er berre ein del av huset som er oppe og går no. Det vil nok gå ein periode før me går med overskot, seier ho.

Sjølv om ho ikkje har erfaring frå hotellbransjen har ho tru på at dei skal takle utfordringane. Ikkje minst med støtte i dei tilsette, som kan tilføre den erfaringa ho sjølv manglar.

– Me treng sjølvsagt tid før vi finn ut av korleis me skal løysa alt. Men med pågangsmot og positiv innstilling, ikkje minst frå kundane våre, så trur eg me skal få det til, seier Røyrvik.