Opna konfliktfylt sti til 30 millionar

Han har vore inhabil og taus, men i helga fekk ordførar Jarle Aarvoll (Ap) endeleg ytra seg. På laurdag opna han ein ny etappe av Fjordstien i Sogndal.

Fjordstien

OPNA KONFLIKTFYLT STI: Jarle Aarvoll (Ap), ordførar i Sogndal, opna Fjordstien. Stien har bydd på konflikt mellom kommune og grunneigarar.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

– Det har ikkje vore noka kjekk øving, men sånn må det vera. Som grunneigar kan ein ikkje sitta på begge sider av bordet, seier Aarvoll.

Ordføraren held sin opningstale i botn av Rusebakken i Sogndal. Ei ny snor skal klippast, og ein ny etappe av Fjordstien skal opnast.

Stien til 30 millionar går gjennom eigedomane til fleire grunneigarar.

Aarvoll er positiv til stien, men ikkje alle grunneigarar som er råka, har gleda seg like mykje over utbygginga.

Ein dag med mykje smil

Heidi-Kathrin Osland (SV), tidlegare varaordførar, seier at fleirtalet av grunneigarane har vore positive.

– I dag har veldig mange kome bort til oss og sagt tusen takk for at de har stått på for dette tiltaket.

Etter opninga sit Osland og ordføraren på ein benk nede ved fjorden. Her fortel Aarvoll at Fjordstien er eit trivselstiltak.

– Ordføraren trivst utruleg godt der han beveger seg og møter folk. Han trivst med å setta seg ned og prata litt, men han trivst også åleine mens han ser på fjorden. Dette gjeld dei fleste av oss, seier Aarvoll.

Gå til forsiden

Opning av Fjordstien i Sogndal

Fjordstien

Opning av Fjordstien i Sogndal

11 bilder

    Dette er ein plass for eige velvære som me treng, seier Aarvoll, som er nøgd med oppmøtet på opninga.

    – Det var mange ukjente ansikt, mange frå nabokommunane, mange råka grunneigarar og mykje ungar. Det var kjekt å gratulera bygdefolket med dagen. Det var ein slik dag i dag, seier han.

    Meiner det er ei perle i Sogn

    Inger Auestad er ei av dei som møtte opp. Ho har gått Fjordstien tidlegare i sommar, og omtalar stien som den eigentlege perla i Sogndal.

    Kjell Kvåle trur Fjordstien vil bety mykje for Sogndal. Han har allereie gått på Fjordstien fleire gonger, og kallar den nyopna etappen ei viktig fortsetjing på noko som snart blir ferdig.

    – Me ser andre plassar som ligg nede ved fjorden og som liknar på Sogndal. Dei har vendt seg mot fjorden i større grad enn kva me har gjort. No kjem me etter.

    Nøgd med opning av Fjordstien

    GLISTE BREITT: Inger Auestad ser på Fjordstien som ei perle i Sogn.

    Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

    Marit Norheim syntest det er kjempeflott at dei som ikkje bur heilt attmed fjorden no får tilgang til den.

    – På sikt kan det bli veldig bra, både for lokalsamfunnet og turistnæringa, seier ho.

    Vegen vidare

    Mens ordføraren betraktar folkelivet i sentrum, fortel han om den lange prosessen bak Fjordstien, som ikkje er ferdig endå.

    – For 20–30 år sidan så begynte ein å snakka om at ein ønska å opna seg meir imot fjorden. No har ein gått ifrå ord til handling, seier Aarvoll.

    Leiar i forvaltingsutvalet, Ivar Slinde, fortel at det no gjeld å finna pengar til den siste biten som står att.

    – Grunnervervet er avklart no, og det blir ein diskusjon om budsjettet i kommande år.

    Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
    Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
    Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.